Handhalden lupe
Handhalden lupe er ei lupe, ei linse av klårt glas eller klår plast, som ein kan få både med og utan innebygd ljos til å lyse opp det objektet ein vil sjå på gjennom lupa. Handhaldne luper vert gjerne nytta gjerne ved ein lettare grad av svekka syn eller i situasjonar der ein treng forstørring i ein kortare tidsperiode, eller for å studera ting med små detaljar. Handhaldne luper kan ein få med forstørring på frå om lag 2 gongar til 20 gongar (2X-20X). Ekstra ljos på lupa kan vera naudsynt for svaksynte, men kan òg vere nyttig i andre samahangar..
Ei handhalden lupe er meir tolerant overfor variasjonar i avstand (eller unøyaktige innstillingar) enn andre luper. Dei rette avstandane mellom ague og lupa, og mellom lupa og det objektet ein skal sjå på, finn ein lettast ved å prøva seg fram. Det kan vera problematisk for brukaren å finna rett sittestilling, unngå refleksar i lupa frå ljoskjeldene i rommet, og å halda lupa og objektet i rett avstand frå augo.
Sjå òg
endreKjelder
endre- Artikkelen var opphavleg basert på ei omsetjing av «Håndholdte luper Arkivert 2012-06-03 ved Wayback Machine.» på Wikipedia på bokmål og riksmål, den 13. juli 2009.