Hanna-Marie Weydahl
Hanna-Marie Apenæs Salvesen Weydahl (fødd 30. juni 1922 på Tjøme), død i Oslo 5. januar 2016[1] var ein prisbelønt norsk pianist og pedagog. Ho er kjend for å ha framført verk av norske samtidskomponistar. Ho har mellom anna hausta heider for tolkingar av Fartein Valen, som ho òg i si tid kjende.[2] Ved fleire høve har ho framført Eivind Grovens klaverkonsert frå 1950, og ho var den første til å relansere hans ungdomsverk Marihand.
Hanna-Marie Weydahl | |||
Fødd | 30. juni 1922 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Tjøme | ||
Død | 5. januar 2016 (93 år) | ||
Dødsstad | Oslo | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | piano | ||
Verka som | pianist | ||
Prisar | Kongens fortenestmedalje |
Ho studerte i Oslo med Reimar Riefling, Elisabeth Onarheim Ringdal og Marcel Naas, før ho var nokre år i utlandet, Brussel og ved Cortots musikkskule (École Normale de Music) i Paris. Ho debuterte som pianist i 1940. Ho var førsteamanuensis ved Noregs Musikkhøgskole (1973-91)[3] og har instruert fleire av dei leiande pianistane i landet.
Prisar
endre- Harriet Cohens internasjonale musikkpris 1966
- Nordstrand vels miljøpris to gonger, sist i 1999
- Kongens Fortenstmedalje i gull
- Fartein Valen-prisen 2006, delt med Einar Henning Smebye.[4]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Hanna-Marie Weydahl» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- ↑ Arvid Vollsnes og Dagne Groven Myhren: Nekrolog: Hanna-Marie Salvesen Weydahl, aftenposten.no, 1.2.2016
- ↑ Min Fartein Valen Arkivert 2016-03-13 ved Wayback Machine. frå Det Virtuelle Musikbibliotek
- ↑ artikkel i Store Norske Leksikon
- ↑ Farten Valen-prisen til Smebye og Weydahl fra Norsk Musikkinformasjon (17.8.2005)