Opna hovudmenyen

Hanne Benedichte Skartveit (13. april 1966) er ein norsk journalist, statsvitar og jurist med lang verketid i Verdens Gang. Sidan 2009 har ho hatt stillinga som politisk redaktør i avisa.

Hanne Skartveit
Hanne Skartveit 0002.jpg
Fødd 13. april 1966
Oslo
Yrke journalist, jurist, statsvitar
Far Andreas Skartveit
Ektefelle Gerhard Helskog
Prisar Gullpennen
Hanne Skartveit på Commons

BakgrunnEndra

Skartveit vart fødd i Oslo som dotter av forlagsdirektøren og programredaktøren i NRK Andreas Skartveit.[1] Ho tok examen artium ved Oslo katedralskole i 1985, ex. phil. ved Universitetet i Oslo i 1986 og 2. avdeling jus frå same stad i 1989. Skartveit har juridisk embetseksamen og ein mastergrad i internasjonal politikk frå Paul H. Nitze School of Advanced International Studies ved Johns Hopkins University i Washington, D.C.[2][1]

KarriereEndra

Ho var nestleiar i Studenttinget i Studentsamskipnaden i Oslo i 1987[1] og politisk journalist i Arbeiderbladet 1990–1991.[3] Ho har òg politisk bakgrunn frå AUF og Sosialdemokratisk Studentforbund.[4]

Skartveit har jobba i VG sidan våren 1991, og var politisk reporter i avisa fram til 2000. Då tok ho eit avbrekk frå jobben for å fullføra jusutdanninga. Seinare fekk ho tilbod om å verta kommentator i VG, før ho etter eit opphald i Washington vart leiar for leiar- og kommentaravdelinga i same avis.[5] 1. januar 2009 tok ho over stillinga som politisk redaktør i VG etter Olav Versto.

I 1999 vart ho tildelt eit SKUP-diplom for prosjektet Fylkespolitikerne – politikkens lønsadel.[6]

I 2012 vart ho tildelt Gullpennen av Riksmålsforbundet.[1]

Ho er gift med journalisten og programleiaren Gerhard Helskog.

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 Garvik, Olav (29. desember 2013). «Hanne Skartveit». Store norske leksikon (på norsk). 
  2. «Hun blir ny VG-redaktør». kampanje.com. 16. desember 2008. Henta 27. desember 2008. «Skartveit har i tillegg til fullført jussutdanning, mastergrad i internasjonal politikk fra Johns Hopkins University i Washington, DC.» 
  3. «Hanne Skartveit». Journalisten. 2008. Henta 27. desember 2008. 
  4. «Kommentariatet: Listen fortsetter». Morgenbladet. 11. september 2009. 
  5. Lindeberg, Anne (16. desember 2008). «Hun blir ny VG-redaktør». Dagens Næringsliv. Henta 16. desember 2008. 
  6. «SKUP-diplom 1999». Institutt for journalistikk. 1999. Arkivert frå originalen 2007-03-24. Henta 27. desember 2008. «Hanne Skartveit i VG tildeles SKUP-diplom 1999 for prosjektet "Fylkespolitikerne – politikkens lønnsadel".» 

  • Denne artikkelen bygger på Hanne Skartveit frå Wikipedia på bokmål, utgåva frå 12. oktober 2018