Hans-Georg Aschenbach

Hans-Georg Aschenbach (fødd 20. oktober 1951 i Brotterode, Aust-Tyskland) er ein tidlegare tysk skihoppar.

Hans-Georg Aschenbach

Statsborgarskap Tyskland, Den tyske demokratiske republikken
Fødd 25. oktober 1951 (72 år)
Brotterode
Yrke skihoppar
Språk tysk
Høgd 175 centimeter
Politisk parti Sozialistische Einheitspartei Deutschlands
Hans-Georg Aschenbach på Commons

I 1969 blei Aschenbach juniorverdsmeister, og to år seinare vann han sin fyrste nasjonale meisterskap (i DDR). Han vann den tysk-austerrikske hoppveka sesongen 1973/74, sesongen etter at han blei verdsmeister i skiflyging. I 1974 blei han verdsmeister i både normal- og storbakken, og under OL 1976 i Innsbruck vann han gull i normalbakken.

I 1989 uttalte Aschenbach at alle austtyske utøvarar måtte ta steroidar. Han påstod at dei som ikkje ville vere med på dopingprogrammet blei kutta frå landslaget og møtte store problem i privatlivet. Aschenbach flytta seinare til Freiburg, Vest-Tyskland, og blei lege der.