Hans Blom Peterson

norsk næringslivsleiar og politikar

Hans Blom Peterson, også H.B. Peterson, (17. mai 187615. oktober 1954) var ein norsk industrimann frå Moss som representerte partiet Høgre på stortinget 1916-18. Heile den fyrste halvdelen av det 20. hundreåret var han den mektigaste mannen i Moss, og både i industriselskapet og i lokalsamfunnet vart omtala som Konsulen.

Peterson var utdanna jurist. Frå 1901 var han direktør for familiefirmaet M. Peterson & Søn i over 50 år. Han satsa langsiktig på å byggje ut cellulose- og papirproduksjonen i selskapet. Gjennom særleg si formannsrolle 1913-20 og 1922-27 i De norske Papirfabrikanters Forening kom han til å prege norsk papirindustri, han var elles 1927-30 president i Norges Industriforbund.

Peterson var ordførar i Moss valperioden 1911–13 og stortingsmann 1916-18 for einmannskrinsen Moss og Drøbak og Høgre, medlem i Sosialkomiteen. Frå 1917 og til utpå 1930-talet var han medlem i ei rad offentleg komitear og kommisjonar oppnemnd av storting og styringsverk. Peterson tok i 1902 over som fransk konsul i Moss.

Kjelder endre