Hans Christian Grønn

Hans Christian Harboe Grønn (9. januar 182918. februar 1902) var ein norsk jurist og stortingsmann frå Halden.

Hans Christian Grønn

Statsborgarskap Noreg
Fødd 9. januar 1829
Halden kommune
Død

18. februar 1902 (73 år)
Christiania

Yrke advokat, politikar
Språk norsk

Grønn var son til ein innrulleringssjef i Fredrikshald. Sjølv vart han student i 1846 og cand.jur. i 1850. Frå 1851 var han advokatfullmektig i hovudstaden, dernest overretssakførar i 1856 og høgsterettsadvokat 1860. Periodien 1870-73 var han regjeringsadvokat i Noreg.

Grønn grunnla det advokatfirmaet som i dag, gjennom ei rekkje namnebyte og fusjonar, er Advokatfirmaet Thommessen.

Grønn var fjerde-representant for valkrinsen Kristiania, Hønefoss og KongsvingerStortinget valbolken 1877-79. Han møtte 1877-sesjonen fram til 9. mai, medlem av justiskomiteen. Etter å ha vort permittert grunna sjukdom i 1877, møtte han korkje i 1878 eller 1879.

Grønn døydde ugift i Kristiania i 1902.

Kjelder endre