Hans Jørgenssen Karlsvik

Hans Jørgenssen Karlsvik (178617. mai 1859) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Slagen i Sem i Vestfold.

Hans Jørgenssen Karlsvik
Fødd 1786
Slagen
Død

17. mai 1859 (73 år)
Slagen

Yrke bonde, politikar

Karlsvik var fødd på garden Lille-Roberg i Slagen. I 1810 gifta han seg med enkja Kari Larssdotter på eit av dei andre bruka på Roberg. Han kjøpte i 1815 Søndre Karlsvik i Slagen og flytta dit nokre år seinare. I 1847 delte han Karlsvik-garden mellom dei to sønene sine.

Karlsvik var 1. representant på Stortinget 1833 for Jarlsberg og Larvik amt. Han var medlem av tollkomiteen og komiteen om kjøpstadskatten. Ved neste stortingsval vart han kåra til 1. varamann.

Han døydde på garden sin i 1859.

KjelderEndra

  • Lindstøl, Tallak:Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914