Hans Myhre

Hans Bernt Myhre (8. februar 181731. august 1863) var ein norsk snikkar frå Drammen som var stortingsmann frå Stavanger i tida 1854-61.

Hans Myhre
Fødd 8. februar 1817
Død

31. august 1863 (46 år)

Yrke politikar

Myhre var son til ein hattemakar i Drammen. Sjølv slo han seg ned i Stavanger, der han tok borgarskap som snikkarmeister i 1841. Siste åra han levde var han forstandar for sjukehusa i Stavanger by.

Myhre vart vald til fyrste varamann til Stortinget 1851. Både i 1854, 1857-58 og 1859-60 var han ein av dei tre tingmennene frå bykrinsen Stavanger med fast tingplass. Han var medlem i Næringskomite nr 1.

KjelderEndra