Opna hovudmenyen

Hans Nilssen Gubberud

norsk gardbrukar og politikar

Hans Nilssen Gubberud (16. september 178221. april 1835) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Modum i Buskerud. Nils Hilsen var bror hans.

Hans Nilssen Gubberud
Fødd 16. september 1782
Modum
Død

21. april 1835
Modum

Yrke politikar, bonde

Gubberud var frå garden Brekke i Modum, der far hans var gardbrukar. Sjølv gifta han seg i 1811 til garden Gubberud i heimbygda. Lokalt hadde han mange tillitsverv. Han var stortingsmann 1824-28 for Buskeruds amt. I 1824 var han medlem av komiteen om gasjar, pensjonar, budsjett og skattestell, 1827 av komiteen om budsjett- og skattestell, og i 1828 av komiteen om bidrag til ministerkassa.

Han døydde på garden sin i Modum i 1835.

KjelderEndra