Buskerud fylke
- «Buskerud» omdirigerer hit. For det tidlegare amtet, sjå Buskeruds amt.
Buskerud er eit geografisk område, valkrins til stortingsval og eit tidlegare fylke i Noreg. Det grensa til Vestfold og Telemark i sør, til Hordaland i vest, til Sogn og Fjordane i nordvest, til Oppland i nord, og til Oslo og Akershus i aust. Fylket blei administrert frå Drammen. I 2020 blei Buskerud ein del av nye Viken fylke.
Buskerud fylke | |||
fylke | |||
|
|||
Land | ![]() | ||
---|---|---|---|
Adm.senter | Drammen | ||
Areal | 14 911 km² | ||
- land | 13 870 km² | ||
- vatn | 1 041 km² | ||
Målform | nøytral | ||
Statsforvaltar | Helen Oddveig Bjørnøy | ||
Fylkesordførar | Morten Eriksrød (H) | ||
Fylkesnummer | 06 | ||
![]() Buskerud fylke | |||
Wikimedia Commons: Buskerud | |||
Nettstad: www.bfk.no | |||
Namnet «Buskerud» kom frå garden Biskopsrud i Modum.
Fylkesvåpenet til Buskerud viser ein ståande blå bjørn på ein sølvfarga bakgrunn. Området hadde tidlegare fleire bjørnestammar. Sidan slutten av 70-åra har ingen bjørn budd fast i Buskerud, men det hender ein omstreifar kjem innom.
Bjørnen er blå for å minna om Blaafarveværket i Modum, og bakgrunnen sølv kjem frå dei gamle sølvgruvene på Kongsberg. Fylkesblomen til Buskerud er stor nøkkerose og fylkessteinen er drammensgranitt.
GeografiEndra
Fylket strekkjer seg frå Hemsedalsfjella og Hardangervidda i nordvest til Hurumlandet ved Oslofjorden i søraust. Store parallelle dalføre med elver går gjennom fylket, frå sørvest Numedal med Numedalslågen, Sigdal med Simoa, Hallingdal med Hallingdalselve og Snarumselva, og Ådal med Begna og Ådalselva.
Det er svært variert natur i fylket, veldyrka lågland, høgfjell og store skogar. 7 % av fylket ligg under 150 moh., 41 % ligg 900 moh. eller høgare. I søraust ved Drammens- og Oslofjorden er det kyststrøk med skog- og landbruksområde. Landskapet hevar seg så gradvis mot vasskiljet i vest og nordvest. Dei fire markerte dalføra fører nordvestover opp mot høgfjellet. Nokre fjellområde er meir enn 1000 moh.
Delar av Hardangervidda nasjonalpark (oppretta 1981) ligg i Buskerud fylke, i Hol og Nore og Uvdal kommunar.
KlimaEndra
Klimaet er for det meste innlandsprega, sidan fylket har kort kystlinje og er godt skjerma frå fjella i sørvest og i nord. Oslofjorden påverkar berre dei lågare strøka frå Lågendalen til Tyrifjorden. Om sommaren bles det typisk frå mellom sør og vest, medan det om vinteren som regel bles frå nordaust, men vindstyrken er generelt låg. På grunn av terrenget bles det som regel opp dalane om sommaren, medan dreneringsvinden strøymer nedover dalane om vinteren.
I januar er middeltemperatur frå −8 °C til −11 °C, lågast i dei øvre dalføra. I juli er middeltemperaturen kring 16 °C i låglandet til kring 10 °C i 1000 moh. Nær Oslofjorden vert det noko mildare både om vinteren og sommaren. Kulderekorden i området er frå −30 °C til −35 °C i indre strøk, lågast på Nesbyen med −38 °C. Varmerekorden for heile landet er òg sett i Nesbyen, den 20. juni 1970 vart det målt 35,6 °C her.
Årsnedbøren varierer frå kring 500 mm i dei skjerma områda som slettene på Ringerike og dei indre dalføra, til over 1000 mm i åsane nær Oslofjorden. Mest nedbør fell det om sommaren, medan det er minst seint på vinteren og på våren. Vinteren er lang med moderate snømengder, som gjer at fjellområda i fylket er godt eigna for vintersport.
KommunarEndra
Nr. | Namn | Adm.senter | Folkemengd | Flatevidd km² | Målform | Distrikt |
---|---|---|---|---|---|---|
0602 | Drammen | Drammen | 137 | nøytral | Drammensregionen | |
0604 | Kongsberg | Kongsberg | 792 | nøytral | Kongsberg | |
0605 | Ringerike | Hønefoss | 1 555 | bokmål | Ringeriksregionen | |
0612 | Hole | Vik | 195 | bokmål | Ringeriksregionen | |
0615 | Flå | Flå | 704 | bokmål | Hallingdal | |
0616 | Nes | Nesbyen | 810 | bokmål | Hallingdal | |
0617 | Gol | Gol | 533 | nynorsk | Hallingdal | |
0618 | Hemsedal | Trøym | 753 | nynorsk | Hallingdal | |
0619 | Ål | Ål i Hallingdal | 1 171 | nynorsk | Hallingdal | |
0620 | Hol | Hol i Hallingdal | 1 858 | nøytral | Hallingdal | |
0621 | Sigdal | Prestfoss | 842 | bokmål | Midt-Buskerud | |
0622 | Krødsherad | Noresund | 375 | nøytral | Midt-Buskerud | |
0623 | Modum | Vikersund | 515 | bokmål | Midt-Buskerud | |
0624 | Øvre Eiker | Hokksund | 457 | bokmål | Drammensregionen | |
0625 | Nedre Eiker | Mjøndalen | 122 | bokmål | Drammensregionen | |
0626 | Lier | Lierbyen | 301 | bokmål | Drammensregionen | |
0627 | Røyken | Midtbygda | 113 | bokmål | Drammensregionen | |
0628 | Hurum | Klokkarstua | 163 | bokmål | Drammensregionen | |
0631 | Flesberg | Lampeland | 562 | bokmål | Numedal | |
0632 | Rollag | Rollag | 449 | nøytral | Numedal | |
0633 | Nore og Uvdal | Rødberg | 2 502 | nøytral | Numedal | |
Totalt | Buskerud | Drammen | ' | 14 911 | nøytral | Buskerud |
SamfunnEndra
DemografiEndra
Det er store regionale ulikskapar i folkesetnaden. Meir enn halvparten av dei som bur i fylket bur i dalføret langs Drammenselva i søraust og utover mot Hurumhalvøya. I den sørlege halvdelen ligg dei tre største byane i fylket, Drammen, Kongsberg og Hønefoss.
SpråkEndra
Austlandsdialekt pregar språket i sørlege og austlege delar av fylket, og her vert bokmål brukt som skriftspråk. I nordfylket er det vanleg med fjelldialektar og nynorsk skriftspråk.
PolitikkEndra
Dei 43 representantane i fylkestinget vert samla minst fire gonger i året.
Partifordeling etter valet i 2015:
Parti: | Representantar: |
---|---|
Arbeidarpartiet | 15 |
Høgre | 13 |
Framstegspartiet | 5 |
Sosialistisk Venstreparti | 1 |
Senterpartiet | 4 |
Miljøpartiet dei grøne | 2 |
Kristeleg Folkeparti | 1 |
Venstre | 2 |
Roger Ryberg (Ap) er fylkesordførar og Olav Skinnes (Sp) er fylkesvaraordførar.
NasjonaltEndra
Buskerud fylke har ni stortingsmandat. For denne perioden møter desse faste representantane for Buskerud på Stortinget:
Distriktsrepresentantar:
- Martin Kolberg (Ap), Lier
- Lise Christoffersen (Ap), Drammen
- Masud Gharahkhani (Ap), Drammen
- Trond Helleland (H), Drammen
- Kristin Ørmen Johnsen (H), Drammen
- Morten Wold (FrP), Modum
- Jon Helgheim (FrP) Drammen
- Per Olaf Lundteigen (Sp), Øvre Eiker
Utjamningsrepresentant:
- Arne Nævra (SV), Lier
MediaEndra
Drammens Tidende dekkjer Drammensområdet, Lågendalsposten Kongsberg og Numedal, Ringerikes Blad Ringerike, medan Hallingdølen dekkjer Hallingdal. NRK har ein redaksjon i fylket som lagar radio- og TV-sendingar. Det er òg ei rekkje mindre lokalradiokanalar rundt omkring i fylket.
SamferdsleEndra
VegarEndra
Europaveg 16 går søraust-nord gjennom Hole via Ringerike og Flå til Nes på ferda si frå Oslo til Londonderry i Nord-Irland, Storbritannia . Europaveg 18 passerer gjennom Lier og Drammen og fortset vidare sørover i Vestfold. E134 startar i Drammen og går vestover i sørfylket til Haugesund via Kongsberg.
JarnbaneEndra
Drammensbanen kjem inn i fylket gjennom Lieråsen tunnel. I Drammen vert banen delt i Vestfoldbanen som går sørover og Bergens- og Sørlandsbanen. Dei to siste har same trasé nord-vestover til Hokksund, der Sørlandsbanen tek av mot sør-vest til Kongsberg medan Bergensbanen dreg nordover gjennom fylket til Hønefoss og Hallingdal.