Hans Olsen Hafsrød
Hans Olsen Hafsrød (15. august 1783–23. mai 1835) var ein norsk gardbrukar og stortingsmann frå Hof i Vestfold.
Hans Olsen Hafsrød | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. august 1783 Hof |
Død | |
Yrke | politikar, bonde |
Språk | norsk |
Hafsrød var son av ein leiglending i Hof. Sjølv gifta han seg til garden Hafsrød i same heradet. Gjennom åra vart han elles eigar av fleire gardar i Hof. Han var forlikskommissær i ei rekke år. Hafsrød var 1. representant frå Jarlsberg og Larvik amt på Stortinget i 1833. Han var medlem av Lagtinget og komiteen for gasjar, pensjonar, budsjett- og skattestell.
Han døydde på garden sin i Hof i 1835.
Kjelder
endre- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
- Biografisk informasjon om Hans Olsen Hafsrød NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv