Opna hovudmenyen

Hans Scholl (22. september 191822. februar 1943) var ein medisinstudent ved Ludwig-Maximilians-Universität i München som høyrte til den kristeleg og humanistisk motiverte antinazistiske gruppa Den kvite rosa. Han blei avretta saman med systera, Sophie Scholl.

Hans Scholl
Fødd22. september 1918
Ingersheim an der Jagst
Død22. februar 1943
Justizvollzugsanstalt Stadelheim
Statsborgar avWeimarrepublikken, Det tredje riket
Yrkepasifist, motstandskjemper
Utdanna vedLudwig-Maximilians-Universität München
FarRobert Scholl
MedlemDen kvite rosa

LivEndra

 
Utstilling om Scholl i Ulm.

Hans Scholl var fødd i Ingersheim ved Crailsheim og voks opp i Ulm saman med syskena Inge, Elisabeth, Sophie og Werner. Han var son av den liberale borgarmeistaren Robert Scholl og diakonissesystera Magdalena Scholl. Heimen var protestantisk og kristeleg-humanistisk prega.

I likskap med systera var han i byrjinga ein begeistra tilhengjar av nazismen, og hadde leiande posisjonar innan HJ. På slutten av 1930-talet vendte han seg likevel på grunn av sin kristne tru bort frå nasjonalsosialismen. Både Hans og Sophie Scholl var tiltrekt av katolisismen. Hans Scholl skildrar dette omslaget i eit brev til Carl Muth 22. desember 1941. Møta med teologar som Muth og Theodor Hacker fekk seinare betydning for flygeblada distributert av Den kvite rosa.

Viktig for Hans Scholl si avvising av nasjonalsosialismen var truleg biskop Clemens August von Galen sine preiker, som Schollfamilien fleire gongar fekk i trykt form i postkassa. I preikene sine åtvara mellom anna Galen mot morda på psykisk sjuke.

Etter Abitur følgde riksarbeidsteneste, og han blei så innrullert i hæren. Han begynte så å studere medisin i München. I feriane måtte han gjere teneste ved fronten. Frå juli til november 1942 var han ved austfronten.

Syskena Scholl blei arrestert då dei delte ut sin femte pamflett ved universitetet i München, og blei dømd til døden av Folkedomstolen under leiing av Roland Freisler den 22. februar og avretta med giljotin same dag.

BakgrunnsstoffEndra