Hans Vatne (fødd 28. februar 1923 i Halden, daud 10. oktober 1985 i Oslo) var ein norsk pressemann. Vatne var tilsett i Morgenbladet 1946–1950, i Aftenposten 1950–1953, og var redaksjonssekretær i Morgenposten 1953–1964. Han arbeidde i Aftenposten frå 1964, som politisk redaktør frå 1968, og sjefredaktør 1970–1984.

Hans Vatne
Fødd 28. februar 1923
Halden kommune Sjå dette på Wikidata
Død

10. oktober 1985 (62 år)
Oslo Sjå dette på Wikidata

Yrke journalist, redaktør
Organisasjon Aftenposten
Ektefelle Rie Bistrup Sjå dette på Wikidata

Vatne var medlem av hovudstyret i Norsk Presseforbund 1957–1963, og sat i Pressens Faglige Utvalg 1961–1964.

Vatne deltok på Bilderberg-konferansen i 1981, og er ein av fire norske avisredaktørar som har delteke.

KjelderEndra

BakgrunnsstoffEndra