Hans van Helden (fødd 27. april 1948) er ein nederlandsk-fransk tidlegare skeiseløpar frå Almkerk.

Hans van Helden

Statsborgarskap Kongeriket Nederlanda, Frankrike
Fødd 27. april 1948 (75 år)
Almkerk
Yrke skøyteløpar
Språk fransk
Høgd 180 centimeter
Ektefelle Marie-France van Helden
Hans van Helden på Commons

Helden tok andreplassen i skeise-EM 1973 i Grenoble. Året etter måtte han eitt trinn ned då EM 1974 fann stad i Eskilstuna.

Etter ein sesong på sidelinja og triumf i den nederlandske meisterskapen 1976, var Helden i fremste favorittsjiktet både i dei internasjonale firkampmeisterskapane, og på fleire distansar under Vinter-OL i Innsbruck. Det enda med bronsemedaljar på dei tre lengste distansane under vinterleikane, før han også vart tredjemann i firkamp-VM 1976 i Heerenveen. Gjennom OL-sesongen sette han to verdsrekordar; fyrst på 5 000 meter med 7.07,8 i Davos, før han midt i mars gjorde 1500 meter unna på 1.55,61 i Inzell.

Helden vart nederlandsk meister også i 1977. Sidan makta han ikkje å hevde seg heilt i toppen i internasjonal skeisesport. Han gifta seg med ein fransk kvinneleg skeiseløpar i 1980, og konkurrerte frå 1982 for Frankrike.

Hans van Helden var aktiv til 1992.

Kjelder endre