Harald Natvig (10. juni 18721. august 1947) var ein norsk lege og konkurranseskyttar, fødd i Stavanger. Han vann to olympiske gullmedaljar i skyting i 1920 og éin i 1924.

Harald Natvig


Statsborgarskap Noreg
Fødd 10. juni 1872
Stavanger kommune
Død 1. august 1947 (75 år)
Hjerkinn
Idrett skytesport
Tok del i shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre running deer, single shots, shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, single shots, shooting at the 1924 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, single shots, shooting at the 1920 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, double shots, shooting at the 1924 Summer Olympics – men's 100 metre team running deer, double shots

Natvig var son til ein skipper og skipsreiar. Han voks opp i Kristiansand og utdanna seg til cand.med. i 1898 og dr.med. i 1906. Natvig busette seg i Oslo og arbeidde mellom anna ved Rikshospitalet og ved fødselsstiftelsen i hovudstaden, overlækjar frå 1930.

Natvig var ein av dei beste skyttarane i Noreg på 1920-talet. Under Sommar-OL 1920 var han med på det norske firemannslaget som vann hjorteskytinga både i enkeltskot og dobbeltskot, dessutan fekk han bronsemedaljen individuelt i enkeltskot. Fire år seinare var han med å forsvare den norske OL-tittelen i enkeltskot lag.

Kjelder

endre