Harald Reinkind
Harald Reinkind (fødd 17. august 1992) er ein norsk handballspelar som vann meisterligaen 2020 for THW Kiel og fekk VM-sølv 2019 og EM-bronse 2020 med Noregs landslag. Han er venstrehendt rykkromspelar.
Harald Reinkind | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 17. august 1992 (32 år) Trondheim |
Idrett | handball |
Tok del i | Handball-EM 2018 for menn, Handball under Sommar-OL 2020 – Menn |
Reinkind spelte for Fyllingen Bergen fram til 2014, eit lag han vann kongepokalen med i 2012. Perioden 2014-18 gjorde han teneste i tyske Rhein-Neckar Löwen. Frå 2018 har han vore Kiel-spelar, der han var med å vinne den tyske pokalfinalen 2019 og seriemeisterskapen 2020. I desember 2020 skåra han eitt mål då THW Kiel vann 33-28 over Barcelona i finalen i meisterligaen.
Reinkind debuterte på Noregs landslag mot Tyskland 16. april 2011.Ti år seinare har han delteke i 119 landskampar og skåra 241 mål. Han var med i Noregs tropp til europameisterskapane 2014, 2016, 2018 og 2020, samt verdsmeisterskapane 2019 og 2021. Laget sikra seg sølvmedaljen under Handball-VM 2019 og bronsen under EM 2020.
Kjeder
endre- Denne artikkelen bygger på «Harald Reinkind» frå Wikipedia på tysk, den 20. april 2021.