1992
år
1992 (romartal MCMXCII) var eit skotår som byrja på ein onsdag etter den gregorianske kalenderen.
1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | ||||||||||||||||||||||||||
| ||||||||||||||||||||||||||
|
Hendingar
endreUtlandet
endre- 15. januar: Verdsveven (World Wide Web) vart offentleg tilgjengeleg på internett.
- 8. februar: Dei olympiske vinterleikane opna i Albertville i Frankrike.
- 3. desember: Svolt og kaotiske tilstandar i Somalia førte til at Tryggingsrådet i SN godkjende bruk av militærmakt for å få naudhjelp til landet. Amerikanske soldatar kom til landet frå 9. desember.
- 29. desember: Opposisjonen tapte i fleirpartival til nytt parlament i Kenya.
- Den katolske kyrkja frikjende formelt Galileo Galilei for påstanden om kjetteri.
Noreg
endre- 1. januar: Noreg var ramma av Nyttårsorkanen.
- 16. oktober: Stortinget vedtok å ratifisera EØS-avtalen med 130 mot 35 stemmer.
- 25. november: Noreg søkte om medlemskap i EF.
- 16. desember: Dagens versjon av det norske riksvåpenet blei godkjend.
Utan dato
- Ei rekkje organisasjonar for homofile gjekk saman i Landsforeininga for lesbisk og homofil frigjering
- Det Liberale Folkepartiet vart starta opp som eit fundamentalt libertariansk parti, med nokre ekskluderte medlemmer frå Framstegspartiet.
- Jon S. von Tetzchner starta på eit prosjekt i Televerket (no Telenor), som seinare skulle utvikle seg til den norske suksess-nettlesaren Opera.
Fødde
endre- Sjå òg Fødde i 1992.
- 19. januar: Kristoffer Larsen, norsk fotballspelar
- 13. juni: Fredrik Haugen, norsk fotballspelar
- 15. juni: Dafne Schippers, nederlandsk friidrettsutøvar
- 22. juli: Selena Gomez, USA-amerikansk songar og skodespelar
- 25. juli: Markus Henriksen, norsk fotballspelar
- 20. august: Demi Lovato, USA-amerikansk songar og skodespelar
- 20. september: Safura Alizadeh, songarinne frå Aserbajdsjan
- 21. september: Eirik Ulland Andersen, norsk fotballspelar
- 23. november: Miley Cyrus, USA-amerikansk skodespelar
Døde
endre- Sjå òg Døde i 1992.
- 16. februar: Sven Delblanc, svensk forfattar
- 9. mars: Menachem Begin, israelsk politikar
- 27. mars: Harald Sæverud, norsk komponist
- 6. april: Isaac Asimov, amerikansk forfattar
- 28. mars: Elisabeth Granneman, norsk skodespelar
- 27. april: Olivier Messiaen, fransk komponist
- 26. juni: Harald Sverdrup, norsk lyrikar
- 8. oktober: Willy Brandt, tysk politikar
- 8. desember: Frithjof Prydz, norsk idrettsmann
- 24. desember: Peyo (Pierre Culliford), belgisk teiknserieskapar (Smurfane)
<< 1900 | 1901 | 1902 | 1903 | 1904 | 1905 | 1906 | 1907 | 1908 | 1909 | 1910 | 1911 | 1912 | 1913 | 1914 | 1915 | 1916 | 1917 | 1918 | 1919 | 1920 | 1921 | 1922 | 1923 | 1924 | 1925 | 1926 | 1927 | 1928 | 1929 | 1930 | 1931 | 1932 | 1933 | 1934 | 1935 | 1936 | 1937 | 1938 | 1939 | 1940 | 1941 | 1942 | 1943 | 1944 | 1945 | 1946 | 1947 | 1948 | 1949 | 1950 | 1951 | 1952 | 1953 | 1954 | 1955 | 1956 | 1957 | 1958 | 1959 | 1960 | 1961 | 1962 | 1963 | 1964 | 1965 | 1966 | 1967 | 1968 | 1969 | 1970 | 1971 | 1972 | 1973 | 1974 | 1975 | 1976 | 1977 | 1978 | 1979 | 1980 | 1981 | 1982 | 1983 | 1984 | 1985 | 1986 | 1987 | 1988 | 1989 | 1990 | 1991 | 1992 | 1993 | 1994 | 1995 | 1996 | 1997 | 1998 | 1999 >>