Harald Wigaard (fødd 17. mai 1944) er ein tidlegare turnar frå Oslo. Han vart femtemann i bøylehest under dei olympiske sommarleikane 1964 i Tokyo. Plasseringa var Noregs beste i Sommar-OL 1964.

Harald Wigaard


Statsborgarskap Noreg
Fødd 17. mai 1944 (80 år)
Oslo
Idrett turn
Tok del i

Sommar-OL 1964

Wigaard, som var medlem av Oslo Turnforening, vart noregsmeister i turn i 1965. Åra 1962, 1963 og 1964 vart han andremann i noregsmeisterskapen, alle åra fann han sin overmann i Åge Storhaug. Wigaard la opp etter 1967-sesongen.

Kjelder

endre