Åge Storhaug (5. april 193818. april 2012) var ein norsk turnar frå Klepp kommuneJæren. Han fekk sylvmedalje i sprang i Europameisterskapen i 1965. I perioden 1961–1971 vann han alle seks nordiske meisterskap, og han vart noregsmeister heile fjorten gonger. Åge Storhaug turna for Klepp Turnforening. I perioden 1974–1983 var han trenar for det norske herrelandslaget i turn.

Åge Storhaug
Fødd 5. april 1938
Klepp
Død

18. april 2012

Yrke turner

I 1965 vart han tildelt Morgenbladets Gullmedalje. I 2001 vart han utnemnd til æresmedlem i Norges Gymnastikk- og Turnforbund.

Storhaug fekk Kongens fortenestmedalje i gull i 2008.[1]

KjelderEndra