Haraldskvedet
Haraldskvedet, på norrønt Haraldskvæði, er eit hyllingsdikt til Harald Hårfagre. Det er truleg skrive av skalden Torbjørn Hornklove og datert til slutten av 800-talet. Det er dermed eit av dei eldste skaldedikta vi kjenner. Diktet handlar om slaget i Hafrsfjord, som blir skildra i fargerike, og til dels bloddryppande, bilete. Det inneheld fleire interessante historiske og kulturhistoriske opplysningar. Diktet blir også kalla Ramnsmål, på norrønt Hrafnsmál.
Kjelder
endreHaraldskvedet inneheld 23 strofer som er gitt att i ulike handskrifter, og diktet verkar ikkje fullstendig. Den viktigaste kjelda er kongesoga Fagrskinna, som inneheld strofe 1-6 og 15-23 – i alt 15 strofer som blir tilskrivne Torbjørn Hornklove. Vidare inneheld Fagrskinna strofe 7-11, som blir tilskrivne Tjodolf frå Kvine. Snorre Sturlason gir att strofe 6-11 og strofe 14 i Heimskringla og strofe 12 i Den yngre Edda. Strofe 13 er berre gitt att i Flatøyboka. Dei fleste skaldeforskarane reknar no Torbjørn Hornklove som forfattaren av dei fleste strofene medan strofe 13 og 14 kan vera lagt til i ettertid.
Form
endreDiktet er for det meste skrive i versemålet målahått med nokre innslag av ljodahått. Målahått kan sjåast som ei vidareutvikling av eddaversemålet fornyrdislag, der kvar linje vanlegvis inneheld fire stavingar. I målahått har kvar linje minst fem stavingar, og diktet verkar dermed fyldigare.
Ut frå versemålet liknar diktet mykje på eit eddadikt, men er til liks med andre skaldedikt svært rikt på heiti og kjenningar. Her førekjem kjenningar som Freys leik, som tyder «kamp», og Svafnis sal-næfrar, som tyder «Odins-salens never», dvs. «skjold». (Valhall var tekt med skjold).
Oppbygging
endreHaraldskvedet kan delast i tre delar. I del 1 ber diktaren om togn som i Voluspå, og dernest blir valkyrja og ramnen presenterte. Resten av diktet er forma som ein dialog mellom desse to, der valkyrja spør og ramnen svarar. Del 2 handlar om slaget i Hafrsfjord. Her blir kampviljen og motet til Harald Hårfagre rosa, medan motstandarane blir skildra med ironi og hån. I del 3 spør valkyrja om tilhøva ved hirda til Harald Hårfagre, som også blir skildra i rosande ordelag.
Interessante opplysningar
endre- Harald er ifølgje diktet son til Halvdan, blir kalla ungum ynglingi («den unge yngling») og bur på Kvinnar og på Utstein.
- Han reiser ganske ung på vikingferd.
- Han blir kalla dróttin Norðmanna («drotten til nordmenn») og allvalds austmanna («herskar over austmenn»).
- Han blir kalla Lúfa («Luva»).
- Harald sine motstandarar i Hafrsfjord kjem i knarrar austanfrå fylte med hauldar (storbønder). Dei blir kalla austkylfur («austkøller») og dei rømer austover Jæren. Dei som er nemnde ved namn er Kjøtve den rike og Haklang.
- Diktet skildrar berserkar og ulvhednar.
- Harald vrakar etter slaget dei tidlegare konene sine og tek seg kone frå Danmark. Dei han hadde kom frå Rogaland, Hordaland, Hedmark og Hålogaland.
- Skaldane har høg status i hirda til Harald.
- Han er svært gåvmild med mennene sine, dei får ringar av gull, rikt prydde skjold, «hunlandsk malm» (spyd?) og trælkvinner frå aust m.m.
- Dei spelar med terningar i Haralds tun.
- Spelemenn og narrar underheld. Ein av narrane heiter «Andad».
- Diktet talar om jól drekka («å drikka jul»). Det er den eldste kjelda vi har om julefeiring.
Bakgrunnsstoff
endre- Odd Einar Haugen: Norrøne tekster i utval, Ad Notam, Gyldendal, Oslo 1994, ISBN 82-417-02132
- Haraldskvæði på Heimskringla.no