Opna hovudmenyen

Hareid Idrettslag er eit idrettslag heimehøyrande på Hareid, stifta 28. desember 1922. Laget er aktivt i badminton, fotball, friidrett, handball, turn og på skeiser.

Sprintaren Audun Garshol er Hareid IL sin fremste utøvar. Han vart noregsmeister på 100 meter i 1971, før han melde seg inn i oslolaget BUL og vann fleire NM-gull på sprintdistansane.

Fotballaget til Hareid var på det sterkaste i perioden 1981-91, då det spelte i 3. divisjon Møre. Laget spelar i raude trøyer og strømper, samt blå bukser.

KjelderEndra