Harirud

Harirud (òg kalla Heray Rud og Heray Rūd eller Tejen og Tedzhen) er ei elv som renn frå fjella i sentrale Afghanistan til Turkmenistan, der ho forsvinn i Karakom-ørkenen. Rud betyr 'elv' på persisk, slik at elva også kan kallast Hari-elva. Det turkmenske namnet er Tejen eller Tedzhen. På latin blei ho kalla Arius.[1]

Harirud
elv
Jam1.jpg
Harirud ved minareten i Jam.
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan, Flag of Iran.svg Iran Flag of Turkmenistan.svg Turkmenistan
Lengd 1 100 km
Kjelde
 - stad Baba-fjella
Munning Karakum

Harirud
34°36′47″ N 66°34′13″ E
Wikimedia Commons: Hari River

Harirud er rundt 1100 km lang.[1] Ho oppstår i Baba-fjella, ein del av Hindukush . Elva følgjer ei relativt rett rute mot vest. Ho renn nord for Chaghcharan og sør for Herat, som er opphav til namnet hennar.[1] Elva renn saman med Jamrud ved minareten i Jam.

Etter Herat svingar elva mot nordvest og så nord, og utgjer ein del av grensa mellom Afghanistan og Iran. Vidare nord utgjer ho den søraustlege delen av grensa mellom Iran og Turkmenistan.

I Turkmenistan, der elva er kjend som Tedzhen, passerer elva nær byen Tedzhen. Deretter renn ho ut i Karakom-ørkenen og fordampar.[1]

Elva vatnar ein god del dyrka mark i Afghanistan.[1] Særleg Herat-dalen er kjend for å vera fruktbar og tett dyrka. I 2000 tørka elva heilt ut, etter tørke som varte i 10 månader.[2]

KjelderEndra

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Harīrūd, Encyclopædia Britannica (2013) britannica.com
  2. Parvand News Jan 3, 2001 Iran-Turkmen river flowing again after drought, Payvand News (1/3/01) payvand.com

BakgrunnsstoffEndra

  Commons har multimedium som gjeld: Harirud