Harmattan er ein nordaustleg ørkenvind over Vest-Afrika og havet utanfor. Vinden er vanlegast frå november til mars, då det ofte ligg eit høgtrykk over det nordvestlege Sahara.

Harmattan fører støv kring Abuja nasjonalmoske i Abuja i Nigeria.

Vinden fører med seg mykje støv som kan lamme luftfarten i området, til dømes over Kanariøyane. Stundom kan ein spore støvet så langt vest som Det karibiske havet.

Kjelder endre

«Harmattan» i Store norske leksikon, snl.no.