Harmonium

tangentinstrment med tonedanning frå frittsvingande metalltunger

Harmonium er eit tangentinstrument der tonedanninga skjer ved frittsvingande metalltunger utan individuelle resonatorar (piper). Tungene blir sette i rørsle av luftstraumar frå belgar, som spelaren vanlegvis styrer sjølv ved hjelp av ein eller to pedalar.[1] Det er også kjend som husorgel.[2]

Harmonium

Klassifiseringblåseinstrument med tangentar, instrument med frie tunger, non-piped organ
Hornbostel-Sachs klassifisering412.132

Harmoniet blei utviklet på byrjinga av 1800-talet, etter eksperimentering over lengre tid med å utvikla instrumenter bygd på fritungeprinsippet. Dette hadde tidlegare ikkje vore kjend i europeisk kunstmusikk. Seinare kom det forbetra konstruksjoner, som physharmonika og aeolodicon. Dei seineste utbetringan kom frå USA. Etter andre verdskrigen har harmoniet tapt terreng, mellom anna på grunn av konkurranse frå el-orgelet.[1]

Talet på register (stemmer) og namna deira kan veksla. Dei tener til å gje ulik toneklang, som etterlikning av fløyte, klarinett og fiolin. Nokre av instrumenta har to manualar og pedalklaviatur.[1]

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 1,2 «Harmonium». Store norske leksikon. 22. juni 2012. 
  2. «harmonium» i Nynorskordboka.