Harry Jensen

norsk politikar

Harry Jensen (18. februar 194021. desember 1990) var ein norsk forretningsmann og politikar, fødd i Gildeskål.

Harry Jensen
Fødd 18. februar 1940
Død

21. desember 1990 (50 år)

Yrke politikar

Jensen var patruljebåtførar i Bodø Havnevesen 1959-61 og seljar, seinare disponent i bilforretning 1968-74. Frå 1975 dreiv han eiga agenturforretning til 1987.

Jensen var engasjerte seg i politikken for det ferske Framstegspartiet og var formann i fylkespartiet i Nordland i tida 1976-81. Valperioden 1980-83 representerte han partiet på fylkestinget i Nordland. Han var så medlem i samferdslestyret i Nordland fylke frå 1983 og i landsdelsutvalet for Nord-Noreg frå 1987. I 1985 fekk han i plass i Framstegspartiet sitt sentralstyre, ein posisjon han hadde til han døydde.

Jensen vart vald inn på Stortinget frå Nordland i 1989. Her fekk han vervet som nestleiar i Samferdslekomitéen, og var elles medlem i Valkomitéen. Vel eitt år etter han tok plass i Stortinget, døydde han, og Karl Sørmo rykte inn på Tinget i staden hans.

KjelderEndra