Harry Lewin Lee Pennell (188231. mai 1916) var ein offiser i Royal Navy. Han deltok på Terra Nova-ekspedisjonen til Antarktis 1910–1913 leia av Robert F. Scott. Etter at ekspedisjonen var sett i land ved Cape Evans overtok han kommandoen over ekspedisjonsskipet «Terra Nova» og segla austover med ei gruppe som planla å utforske King Edward VII Land. Ute av stand til å finne ein eigna stad å gå i land, vart det avgjort å reise vestover og utforske Victoria Land. På vegen støytte dei på Roald Amundsen i Hvalbukta under førebuingane hans i kappløpet om Sørpolen. Den 22. februar 1911 oppdaga han Oates Coast som han kalla opp etter kaptein Lawrence Oates. Sjølv har han fått Pennell Coast kalla opp etter seg.

Harry Pennell
Harry Pennell.jpg
Fødd 1882
Død

1916
Nordsjøen

Yrke oppdagar, marineoffiser

Han fall i Jyllandsslaget 1916 då HMS «Queen Mary» vart søkkt av tyske skip.[1]

KjelderEndra

  1. Commonwealth War Graves Commission

BakgrunnsstoffEndra