Harvard Art Museums

Harvard Art Museums er ein del av Harvard University og består av tre museum:[1][2] Fogg Museum (oppretta i 1895),[3] Busch-Reisinger Museum (oppretta i 1903),[3] og Arthur M. Sackler Museum (oppretta i 1985).[3] I tillegg omfattar det fire forskingssenter: Archaeological Exploration of Sardis (oppretta 1958),[4] Center for the Technical Study of Modern Art (oppretta 2002),[5] Harvard Art Museum Archives og Straus Center for Conservation and Technical Studies (oppretta 1928).[6] Dei tre musea som utgjer Harvard Art Museums blei fyrst slått saman til ein enkelt institusjon under namnet Harvard University Art Museums i 1983.[7] Ordet «university» blei sløyfa i 2008.

Harvard Art Museums

StadCambridge i Massachusetts
Skipa1895
Kart
Harvard Art Museums
42°22′27″N 71°06′53″W / 42.37416667°N 71.11472222°W / 42.37416667; -71.11472222

Samlingane inkluderer rundt 250 000 objekt innan alle medium, som stammar frå antikken til notida og har opphav i Europa, Nord-Amerika, Nord-Afrika, Midtausten, Sør-Asia, Aust-Asia og Søraust-Asia. Hovudbygningen har rundt 19 000 m² (204 000 kvadratfot) offentleg utstillingsplass, undervisingsrom, konservasjons- og forskingslaboratorium og andre tilhøyrande funksjonar.[8] Rundt 4000 m² (43 000 kvadratfot) av området er vigd utstillingar.[2]

Fogg Museum

endre
 
Den opphavlege inngangsfrontonen til Fogg Museum of Art er no ved hovudinngangen til Harvard Art Museums.
 
Atrium i 32 Quincy Street.

Fogg Museum, som opna for allmugen i 1896, er den eldste og største delen av Harvard Art Museums.

Museet er kjent for samlingane sine av vestlege måleri, skulpturar, dekorativ kunst, fotografi, trykk og teikningar frå mellomalderen til no. Det har særleg viktige verk frå den italienske renessansen, dei britiske pre-rafaelittane og fransk kunst frå 1800-talet, og dessutan amerikanske måleri og teikningar frå 1800- og 1900-talet.

Busch-Reisinger Museum

endre

Busch-Reisinger Museum blei grunnlagt i 1903 som Germanic Museum, og blei omdøypt i 1920 då det flytta til Adolphus Busch Hall, med namn etter bryggjaren og filantropen Adolphus Busch, den fyrste presidenten for verksemda Anheuser-Busch. Namnet på museet viser òg til Busch sin svigerson, Hugo Reisinger, ein tyskfødd amerikansk kunstsamlar og handelsmann.[9]

Busch-Reisinger er det einaste museet i Nord-Amerika som er vigd til studiet av kunst frå dei tysktalande landa i Midt- og Nord-Europa i alle medium og alle periodar.[1] Samlinga omfattar viktige verk av austerriksk secessionskunst, tysk ekspresjonisme og abstraksjon på 1920-talet. Museet har ei av dei fyrste og største samlingane av gjenstandar knytte til designskulen Bauhaus (1919-1933), som var del av mange utviklingar i modernistisk design.[10] Andre sterke felt er seinmellomalderskulptur og kunst frå 1700-talet. Museet har òg ei viktig etterkrigs- og samtidskunst frå tysktalande Europa, inkludert verk av Georg Baselitz, Anselm Kiefer, Gerhard Richter og ei av dei mest omfattande samlingane av verk av Joseph Beuys.

Arthur M. Sackler Museum

endre
 
Sackler Building blir ikkje lenger brukt til offentlege utstillingar, men har akademiske klasserom og kontor for personale.

Arthur M. Sackler Museum opna i 1985, og heldt til på 485 Broadway, rett over gata frå den opphavlege Fogg Museum-bygningen. Sackler-bygningen blei utforma av den britiske arkitekten James Stirling, fekk namn etter den største donoren Arthur M. Sackler, ein psykiater, entreprenør og filantrop.[11] Då bygningen blei opna i 1984, husa han òg nye kontor for History of Art og Architecture-fakultetet, og Digital Images and Slides Collection of the Fine Arts Library. Sackler-bygningen har halde fram med å husa History of Art and Architecture-departementet og Media Slide Library.[1]

Kjelder

endre
  1. 1,0 1,1 1,2 «History and the Three Museums». Henta 29. juli 2016. 
  2. 2,0 2,1 «Harvard Art Museums, Cambridge / 2014». AAQ East End. Henta 18. september 2021. 
  3. 3,0 3,1 3,2 «History». Harvard Art Museums. Arkivert frå originalen 18. juni 2013. Henta 20. juli 2013. 
  4. «Archaeological Exploration of Sardis». Harvard Art Museums. Arkivert frå originalen 22. januar 2013. Henta 20. juli 2013. 
  5. «Center for the Technical Study of Modern Art». Harvard Art Museums. Arkivert frå originalen 10. mai 2013. Henta 20. juli 2013. 
  6. «Straus Center for Conservation and Technical Studies». Harvard Art Museums. Arkivert frå originalen 10. oktober 2014. Henta 20. juli 2013. 
  7. Wolf, Gary. «Sackler Museum at Harvard University by Stirling and Wilford» (på engelsk). Henta 17. september 2021. 
  8. «Harvard's new home for art». Henta 17. september 2021. 
  9. «HUGO REISINGER DIES IN GERMANY; Art Collector and Merchant Succumbs Near His Birthplace, Aged 58.». Henta 3. september 2024. 
  10. «The Bauhaus» (på engelsk). Henta 17. september 2021. 
  11. Glueck, Grace. «Sackler Art Museum to open at Harvard». Henta July 30, 2016. 

Bakgrunnsstoff

endre
  Commons har multimedium som gjeld: Harvard Art Museums