Harvard-observatoriet
(Omdirigert frå Harvardobservatoriet)
Harvard-observatoriet eller Harvard College Observatory er eit observatorium i Cambridge i Massachusetts i USA, og det største observatoriet i det austlege USA og eit av dei mest kjende i verda. Det vart grunnlagd i 1839. Observatoriet har ei samling på kring 500 000 astronomiske plater som vart laga mellom midten av 1880-åra og 1989.[1]
Direktørar
endre- William Cranch Bond 1839-1859
- George Phillips Bond 1859-1865
- Joseph Winlock: 1866-1875
- Edward Charles Pickering 1877-1919
- Solon Irving Bailey 1919-1921 (fungerande)
- Harlow Shapley 1921-1952
- Donald H. Menzel 1952-1953 (fungerande); 1954-1966 (direktør)
- Leo Goldberg 1966-1970
- George B. Field 1971-1972
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Harvard College Observatory» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «HCO Astronomical Plate Stacks». Henta 25. november 2008.