William Cranch Bond
amerikansk astronom
William Cranch Bond (9. september 1789–29. januar 1859) var ein USA-amerikansk astronom, og den første direktøren ved Harvard-observatoriet frå 1839 til 1859.
William Cranch Bond | |||
William Cranch Bond | |||
Fødd | 9. september 1789 Portland i Maine | ||
---|---|---|---|
Død | 29. januar 1859 (69 år) Cambridge i Massachusetts | ||
Nasjonalitet | USA | ||
Område | astronomi | ||
Yrke | astronom, meteorolog, fotograf | ||
Institusjonar | Harvard University | ||
Kjend for | Hyperion | ||
Barn | George Phillips Bond | ||
Medlem | American Academy of Arts and Sciences |
Han gjorde omfattande studiar av planetar, solflekkar og tåker. Han gjorde pionerarbeid innan kronometer, og tok det første fotografiet av ei stjerne (Vega, 1850). Saman med sonen George Phillips Bond oppdaga han Saturnmånen Hyperion i 1848 og Slørringen, den inste delen av ringane til Saturn i 1850.
Krateret W. Bond, ein region på Hyperion kalla Bond-Lassell Dorsum, asteroiden 767 Bondia er kalla opp etter han (sistnemnde med sonen). Bond-gapet i C-ringen er òg kalla opp etter Bond og sonen.
Kjelder
endre- «William Cranch Bond», Store norske leksikon, 14. februar 2009, henta 13. august 2014