Hasselblad eller HB er eit forenkla namn på kamera produserte av Victor Hasselblad AB (Hasselblad AB) i Sverige. Den kan hende mest kjente bruken av hasselbladkamera var under Apollo-programmet til NASA der nesten alle still-bilda under måneferdene vart tatt med spesielt tilpassa hasselbladkamera. Hasselblad vart dermed det første kameraet på månen.

Fotografi tatt med eit hasselbladkamera ute i verdsrommet
Hasselblad 503CW, Zeiss Distagon 3,5/30, Ixpress V96C

Hasselblads tradisjonelle V-System-kamera er framleis nytta i stor grad av profesjonelle fotografar og ivrige amatørfotografar. Ei av årsakene er eit godt omdømme med omsyn til lang levetid på utstyret. I tillegg til god kvalitet på tilgjengelege linser. Dei nye H-System-kamera produsert i samarbeid med Fujifilm er marknadsleiar i marknaden for mellomformat digitale kamera. Her konkurrerer dei mellom anna mot Sinar og Mamiya.

Historikk endre

 
Grafisk tidlinje over utviklinga av Hasselbladkamera, 1950-2005.

Hasselblad-slekta har ei historie innan fotografi sidan midten av 1800-talet. Hasselblads eigen kameraproduksjon starta i 1941 etter ein ordre frå det svenske forsvaret på eit flykamera til spaning. Den kameratypen som i dag kallast Hasselblad vart konstruert av Victor Hasselblad og formgitt av Sixten Sason. Kameraet er eit såkalla mellomformatskamera og nyttar 120-film som i eit HV-kamera gir 6x6 cm negativ eller mindre.

Det første sivile kameraet vart lansert 6. oktober 1948 av Victor Hasselblad i New York, modellen heit «1600 F», designen var ved Sixten Sason. Dette vart verdas første einøygde spegelreflekskamera i mellomformat (6x6 cm) med utbytbare objektiv og magasin.[1] 1600 viser til raskaste lukkartida til kameraet, 1/1600 sekund. F står for Focal plane shutter. Neste modell vart introdusert i 1952 og heit «1000 F». Basert på denne modellen vart det utvikla ein vidvinkel-versjon Super-wide, som hadde eit fast 38 mm objektiv. Neste store steg kom i 1957 då modellen «500 C» kom. Igjen står modellnemninga for kortaste lukkartid og lukkartype; 1/500 sekund og C står for Compur shutter. I dei etterfølgjande åra vart ei rekke modellar introdusert. Alle inngår i Hasselbladsystemet som inneber at ein fritt kan kombinere magasin, søkar, kamerahus og objektiv.

På 1990-talet låg Hasselblad langt fremme i utviklinga av digitale kamera. På grunn av feilaktige strategiske val og skiftande eigarskap tapte selskapet dette forspranget. Hasselblads digitale kamera er i dag igjen verdsleiande.[treng kjelde] Desse kameraa er først og fremst mynta på profesjonelle brukarar, då ein komplett utstyrspakke kostar fleire hundre tusen kroner.

Utvalde modellar endre

1600 F endre

 
Hasselblad 1600F

1600 F var det første seierproduserte kameraet, produsert av Victor Hasselblad AB i Sverige i 1952. Kameraet er eit einøygd mellomformats spegelrefelkskamera med Kodak Ektar 2.8/80 mm.

1000 F endre

Basert på denne modellen vart det utvikla ein vidvinkel-versjon Super-wide, som hadde eit fast 38 mm objektiv

(SWA), SWC, SWC/M, 903SWC, 905SWC endre

Mellomformatskamera (6x6) utvikla på 1950-talet. Bytbart bakstykke og fast optikk, Biogon 4.5/38 mm, med 90 graders diagonal biletvinkel.

500 C, 500 CM, 500 EL endre

 
Hasselblad 500C
 
Hasselblad 500 EL

2000 endre

Xpan, Xpan II endre

Hasselblads einaste kamera for småbildefilm. To format: standardformatet 24x36 og det unike 24x65 mm. Formatet kan skiftast fritt mellom eksponeringar. Gjennomsiktsøkar med kopla manuell avstandsmåling, innebygd lysmålar og moglegheit for automatisk eksponering med forval av blendaropning. Utbytbar optikk. Tre objektiv vart utvikla; 4/45, 4/90 og 5.6/30 ASPH (62°/94° horisontal bildevinkel).

Allereie på 1970-talet eksisterte det planar og skisser for småbildekamera. Xpan vart produsert frå 1998 saman med Fuji (TX-1 & TX-2). Ikkje lenger i produksjon.

H2D endre

Den digitale modellen H2D blir rekna som eit av verdas beste digitale kamera. Ulempa er prisen som overstig 200 000 kroner.

Hasselbladskoden endre

Basert på kameraets/magasinets serienummer kan ein finne produksjonsåret ved hjelp av denne koden. VHPICTURES = Victor Hasselblad PICTURES
V=1 H=2 P=3 I=4 C=5 T=6 U=7 R=8 E=9 S=0
Bokstavane TP i serienummeret blir produksjonsår -63 osv.

Hasselbladskamera i rommet endre

 

Ein av dei spesialtilpassa versjonane av Hasselbladskameraane vart i 1966 i vanvare første svenske satellitten da astronauten Michael Collins mista det under ein spasertur i rommet.[2][3]

Kjelder endre

  1. Svensk industridesign, en 1900-talshistoria, side 113
  2. Michael Collins skildra hendinga i memoarane Carrying the Fire, an Astronaut's Journeys, fleire opplag, sist på Cooper Square Press 2001.
  3. www.nyteknik.se Ny Teknik, 060405, artikkelen "Sveriges första satellit" av Kaianders Sempler., arkivert frå originalen 30. september 2007, henta 19. november 2011 

Bakgrunnsstoff endre