Victor Hasselblad AB er ein svensk produsent av mellomformatkamera og fotografisk utstyr, med hovudkontor i Göteborg i Sverige.

Hasselblad AB
Org.formAksjeselskap
BransjeFotografisk utstyr
SkipaGöteborg, Sverige (1841)
MorselskapShiro Sweden
DotterselskapHasselblad A/S,
Hasselblad USA Inc.,
Hasselblad Vertriebsgesellschaft mbH,
Hasselblad France SAS,
Hasselblad USA : Non-Digital Service Center,
Hasselblad (UK) Ltd
HovudkontorGöteborg, Sverige
ProduktKamera og scannarar

Selskapet er best kjent for sin produksjon av mellomformatkamera. Victor Hasselblad AB har produsert mellomformatkamera sidan andre verdskrig.

Nesten alle fotografia som vart tatt av NASA i løpet av Apollo-programmet vart tatt med spesialtilpassa Hasselblad-kamera, og framleis ligg det tolv Hasselbladkamera att på månen.[1]

Det opphavlege V-system-kameraet til Hasselblad er framleis vanleg i bruk av profesjonelle og avanserte amatørfotografar. Ein av grunnane til Hasselblad sin popularitet mellom fotografar er selskapet sin fokus på bakoverkompatibilitet, og kvaliteten på optikken dei produserer. Det nyare H-system-kameraet deira, produsert i samarbeid med Fuji, er marknadsleiande på mellomformatmarknaden.

Historie endre

Selskapet vart grunnlagt i 1841, av Fritz Wictor Hasselblad (1816-1893) under namnet «Fritz W Hasselblad & Co» (F.W.H & Co). F.W.H & Co var frå starten av eit handelsselskap, som dreiv med handel av mellom anna tøy, sytilbehør og hushaldningsartiklar. Selskapet vart overtatt av sonen, Arvid Victor Hasselblad, i 1871, og i 1885 tok dei til å importere fotografiske produkt som kamera og fotografisk film.

I løpet av bryllupsreisa si trefte Arvid Hasselblad George Eastman, grunnleggaren av Eastman Kodak og i 1888 vart Hasselblad einedistributør av Kodakprodukt i Sverige.

Sjølv om Arvid Hasselblad i utgangspunktet ikkje hadde særleg store håp om inntening frå Hasselblad sitt sal av fotoprodukt[2], så vart denne delen av forretninga etterkvart såpass lønsam at selskapet si fotografiske avdeling i 1908 vart skilt ut i eit eige selskap, Fotografiska AB. Selskapet omfatta eit landsomfattande nettverk av utsal og fotolaboratorium.

Den daglege drifta av selskapet vart etterkvart overlaten til Karl Erik Hasselblad, Arvid Hasselblad sin son. Karl Erik sendte rundt 1924 son sin, Victor Hasselblad, til Dresden i Tyskland for å lære seg meir om kameraindustrien. Dresden var på dette tidspunktet verdsleiande innan optikkindustrien. Victor brukte dei neste åra på å studere og jobbe innan kamera- og fotoindustrien, og var mellom anna ein periode i Rochester i New York, hos George Eastman, før han drog attende til Sverige for å jobbe i Hasselblad AB. Grunna usemje med familien forlét Victor selskapet, og starta i 1937 si eiga fotoforretning i Göteborg, Victor Foto.

Andre verdskrig endre

Etter at det svenske militæret under andre verdskrigen fekk tak i eit fungerande tysk overvakningskamera for luftfoto frå eit tysk fly som hadde styrta, innsåg dei at å utvikle eit kamera for eige bruk ville innebere ein strategisk fordel. Våren 1940 kontakta dei Victor Hasselbad, og bad om hjelp til å utvikle eit. Victor Hasselblad starta i april 1940 selskapet Ross AB som skulle jobbe med å utvikle dette kameraet, og begynte utviklinga av kameraet kalla HK7.

Ross AB utvida raskt, og innan utgangen av 1941 hadde selskapet over 20 tilsette, då det svenske luftforsvaret bad om ein ny type kamera, eit som hadde større negativ, og som kunne monterast permanent på flya. Frå 1941 til 1945 leverte Hasselblad 342 kamera av denne modellen, kjent som SKa4, til det svenske forsvaret[2].

Då Karl Erik Hasselblad døydde i 1942 tok Victor over familieselskapet. Selskapet produserte i løpet av krigen delar til klokker, i tillegg til kameraa dei produserte for det svenske forsvaret.

Etterkrigstida endre

Etter krigen heldt Hasselbad fram med å produsere delar til klokker og urverk. I tillegg utvikla dei og produserte ein lysbildeframvisar, i tillegg til bildelar for Saab.

Victor Hasselblads ambisjonar var likevel å produsere kamera av høg kvalitet for sivil bruk. Dei første designskissene og modellane for eit kamera som skulle heite Rossex, låg føre i 1945-1946. Ein intern konkurranse for designen av delar av kameraet vart halden. I 1948 lanserte Hasselblad kameraet som skulle bli kjent som 1600F. Kameraet hadde eit veldig komplekst design, noko som gjorde at det ikkje var påliteleg og lett gjekk sund. Sjølv etter at Hasselblad kom med ein forbetra versjon i 1950, hadde kameraet ein tendens til å gå sund. Noko av grunnen til problema låg kan hende i bakgrunnen dei fleste som var med å utvikle kameraet hadde som klokkemakarar, noko som gjorde at designen var veldig avansert, men meir delikat enn det som eigentleg var naudsynt for eit kamera.

I 1953 kom Hasselblad med 1000F, eit kamera som var ei monaleg betring. Dette kameraet fekk særs gode meldingar av det amerikanske fotobladet Modern Photography, som køyrte det gjennom ein særs omfattande test som mellom anna inkluderte å sleppe det i bakken to gonger, utan at det gjekk sund.

Vendepunktet for Hasselblad endre

Det verkelege vendepunktet for Hasselblad kom i 1957, då kameramodellen 1000F vart erstatta med 500C. 500C danna grunnlaget for Hasselblad sine produkt for dei neste 40 åra, med somme variantar framleis i produksjon i 2008. Det tok likevel tre år til før kameradelen av Hasselblad si forretning tok til å gå med overskot. Før 1960 var det Hasselblad sitt sal av importerte fotoutstyr, inkludert distribusjon av Kodak-produkt som hadde subsidiert og halde drifta i gang.

NASA tok i 1962 til å nytte Hasselblad-kamera i sitt romfartsprogram. Fleire av Hasselblad sine innovasjonar etter dette tidspunktet kom som eit resultat av tilpassingar og modifikasjonar NASA bad om.[3] Medan Hasselblad hadde sett ein sakte men stadig aukande popularitet hos profesjonelle fotografer utover 1950-talet, så førte merksemda dei fekk i samband med NASA sin bruk av Hasselblad-kamera til ein dramatisk auke i gjenkjenninga av Hasselblads merkevare. Berre nokre få år seinare, i 1966, bestemte Hasselblad seg for å konsentrere seg berre om kameradelen av forretninga, som på dette tidspunktet oppnådde stadig betre resultat. Hasselblad Fotografiska AB som stod for den delen av foretaket som selde fotoutstyr og dreiv detaljhandel vart seld til Kodak.

1970-talet og seinare endre

I 1976 selde Victor Hasselblad, Hasselblad AB til eit svensk investeringsselskap, Säfveån AB. Ein vesentleg del av inntektene frå dette salet vart etter hans død i 1978 overlaten til Hasselblad-stiftinga som mellom anna årleg deler ut Hasselbladprisen.

Referansar endre

  1. Akam.no - Det ligger tolv Hasselbladkameraer på månen, besøkt 24. juni 2011.
  2. 2,0 2,1 «History of Hasselblad». Hasselblad AG. 3. mars 2009. 
  3. Wildi 2000