Haugianerne

maåeri av Adolph Tidemand

Haugianerne er eit måleri av Adolph Tidemand som framstiller ei gruppe haugianarar som lytter til ein lekpredikant i ei stove.

«Haugianerne»
Adolph Tidemand - Low Church Devotion - Google Art Project (9QGXjFzX4Caijw).jpg
KunstnarAdolph Tidemand
År1848
TeknikkOljemåleri
DimensjonarHøgd 147
PlasseringNasjonalgalleriet

Tidemand arbeidde med motivet frå 1845 til 1852, og det finst fleire versjoner av bildet. Ein teikning er datert 1845,[1] og måleriet er kjend i versjonar datert 1848, 1852 og 1865.[2] Nasjonalgalleriet eig eit av dei, Mandal museum har stilt ut bildet frå 1865, medan Düsseldorfs kunstmuseum museum Kunst Palast har eit anna som dei fekk tak i som del av sin kontakt med elevane ved Kunstakademie Düsseldorf. Tidemand var elev ved akademiet då han måla bildet.

«Haugianerne» reprodusert som litografi i Norske Folkelivsbilleder frå 1854.

Bildet framstiller ei gruppe folk, til dels i norske folkedraktar, som er samla inne i ei årestove eller røykomnstove. Ut frå tittelen forstår ein at den ståande mannen midt i bildet er ein lekpredikant knytt til haugianarrørsla, som var ei norsk kristen vekkingsrørsle tidleg på 1800-talet. I bildet vidareførar Tidemand ein sjanger som nyttar den strenge bildebygginga ein finn i tradisjonelt historiemåleri, på motiv henta frå folkelivet.[3]

Ein rekner med at mange av personane er måla etter tyske modellar; ein målarkollega frå Düsseldorf stod modell for predikanten.[3] Mannen i kubbestolen er Baard Olavson Mo frå Kvam i Hardanger som var ven av Tidemand og ein truande Haugianer. Tidemand måla også eit separat bilde av han, Sittende bonde.[4]

GalleriEndra

KjelderEndra

  1. «Haugianerne». digitaltmuseum.no. 
  2. Marit Lande. PÅ Adolph Tidemands tid. Ursus forlag, 2004. ISBN 82-996758-1-2
  3. 3,0 3,1 Haugianerne hos cappelendamm.no
  4. «Sittende bonde». digitaltmuseum.no. 

BakgrunnsstoffEndra