Historiemåleri er ein sjanger innan målarkunst som attgjev særskilde historiske tilstandar og hendingar, særleg dei som er av større historisk eller nasjonal tyding. På grunn av likskapar i framstilling og oppfatting av motiva rekner ein òg med framstillingar av soger, mytologiske og allegoriske motiv til historiemåleriet.[1][2]

Karl XII:s likfärd (1884), av Gustaf Cederström.

Historie endre

 
Batavarane si truskapseid (1662), av Rembrandt van Rijn.
 
«Eidsvold 1814» er eit kjent norsk historiemåleri av Oscar Wergeland.
 
Sappho and Alcaeus (1881), av Lawrence Alma-Tadema med motiv frå den antikke greske historia.

Frå 1600-talet blei det vanleg å avbilda motiv frå profan samtidshistorie[3] til forskjell frå berre religiøse motiv, og frå 1600-talet til 1800-talet var sjangeren rekna som den mest prestisjefulle sjangeren innan vestleg målarkunst. Under romantikken på midten av 1800-talet var det ein særs viktig sjanger,[3] og kunstakademi i dette hundreåret oppmuntra til og underviste i historiemåleri.

Tidlege døme på historiemåleri er Paolo Uccello si monumentale skildring av San Romano-slaget og Rembrandt sitt Batavarane si truskapseid, måla for rådhuset i Amsterdam. Den best kjende historiemålaren er trolig franskmannen Jacques Louis David, som var hoffmålar for Napoleon.[3]

I Noreg har sjangeren hatt få utøvarar: Peter Nicolai Arbo, Knud Bergslien og Andreas Bloch er dei fremste blant dei som i større grad laga historiemåleri, men mellom anna Christian Krohg, Eilif Peterssen og Adolph Tidemand var innom sjangeren i enkeltverk, som Leiv Eiriksson oppdager Amerika, Torben Oxes dødsdom og Sinclairs landgang i Romsdalen.[3]

I Sverige hadde Kunstakademiet årlege konkurransar med ulike historiske tema med prisar og stipend. På denne tida blei det laga fleire kjende historiemåleri av kunstnarar som Gustaf Cederström, Carl Gustaf Hellqvist og Johan Fredrik Höckert.[4]

På siste halvdelen av 1800-talet prøvde ein yngre generasjon kunstnarar å gå over til andre former for måleri, som sjangermåleri og landskapsmåleri. Dette førte til eit brot mellom akademi og kunstnarar som kravde ei endring i forelda tenking. I Sverige var dette kravet målbore av ei gruppe kalla Opponentane.[5] Etter dette mista historiemåleriet fort statusen sin og blei rekna av dei fleste artistar for å vera gammaldags og avlegs. Det har likevel blitt skapt fleire viktige verk på 1900-talet som kan leggjast til denne kategorien. Eit døme er Pablo Picasso sitt måleri Guernica, som skildrar bombinga av den vesle spanske byen Guernica.[4]

Nokre historiemålarar endre

Norske endre

Danske endre

 
C.A. Lorentzen måla soga om at Dannebrog fall ned frå himmelen under eit slag i 1219.

Svenske endre

Andre land endre

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. Historiemålning i Nordisk familjebok (2:a upplagan, 1909)
  2. Svenska Akademiens ordbok: Historiemåleri
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 «historiemaleri». Store norske leksikon (på norsk). 14. februar 2019. 
  4. 4,0 4,1 Nationalencyklopedin online, sjå Historiemåleri
  5. Nationalencyklopedin online, sjå Opponenterna