Haustfarge

(Omdirigert frå Haustfargar)

Haustfargar i lauv oppstår om hausten når det grøne klorofyllfargestoffet blir brote ned slik at raude anthocyanin og gule karotenoidar blir synlege. Ofte har fargane vore der heile tida, men dei blir meir framtredande, når produksjonen i blada overstig det som kan transporterast vekk til resten av planten.

Blad i haustfargar

Misforholdet kan skuldast ein kombinasjon av solrike dagar og kalde netter, noko som ofte førekjem i haustmånader som september-oktober. Det kan òg oppstå når transportvegar ned gjennom greiner og stammar er sperra, t.d. på grunn av såring, beskjering eller soppåtak. Endeleg kan fargane dannast om planten manglar eit eller fleire viktige næringsstoff.

Kjelder endre