Klorofyll

kjemisk sambinding

Klorofyll (av gresk chloros, 'grønt' og phyllon, 'blad') eller bladgrønt er eit stoff som gjev grønfarge i organismar som driv fotosyntese. I plantecellene finst klorofyll i membranar. Det blir mellom anna danna i kloroplastar.

Klorofyll i kloroplastar i planteceller.
Kalottmodell av eit klorofyllmolekyl (klorofyll a).

Klorofyllmolekylet består av fire pyrrolringar som saman dannar ein porfyrinstruktur med eit magnesiumatom i midten. Til denne strukturen er det knytt ein fytolkjede. Klorofylla har karakteristiske absorpsjonsspektrum, det vil seia at det absorberer særskilde område av lysspekteret særleg sterkt: éit i raudt ljos og éit i blått. Bakterieklorofyllane absorberer derimot i infraraudt, som er usynleg for auget.

Skisse over korleis klorofyll gjev farge til lauv.

Den fysiologiske tydinga av klorofyll er at lysenergi som blir absorbert av fargestoffet, blir overført til kjemisk energi som blir brukt ved assimilasjonen av karbondioksid under fotosyntesen. Klorofyll blir syntetisert av blomsterplantane berre i ljos og når dei naudsynte mineralstoffa (nitrogen, magnesium, jarn, mangan og fleire andre) er til stades. Ved mangel på eit av desse stoffa oppstår klorose. Kimplantar av nakenfrøa plantar kan danna klorofyll òg i mørke.

Det finst fleire typar: Klorofyll a, b, c, d og bakterieklorofyll. Kjemisk skil stoffa seg lite frå kvarandre. Grønalgar, mosar, karsporeplantar og frøplantar har klorofyll a (blågrønt) og b (gulgrønt), brunalgar, dinoflagellatar og diatoméar har klorofyll a og c, medan radalgar har klorofyll a og d.

Klorofyll blir brukt som grønt fargestoff i næringsmiddel. Det har E-nummer E 140.

Sjå og endre

Bakgrunnsstoff endre

Kjelder endre

«klorofyll» i Store norske leksikon, snl.no.