Opna hovudmenyen

Having Fun with Elvis on Stage

Having Fun with Elvis on Stage
Konsertalbum av Elvis Presley
Utgjeve 1974
Sjanger Spoken word
Lengd 37:06
Selskap Boxcar Records/RCA Records
Produsent Elvis Presley
Elvis Presley-kronologi
Elvis Recorded Live on Stage in Memphis
(1974)
Having Fun with Elvis on Stage Promised Land
(1975)


Having Fun with Elvis on Stage er eit konsertopptak av Elvis Presley frå 1974. Albumet består utelukkande av pratinga til Elvis som skjedde på scenen mellom songane. Ingen av songane er med på albumet. Albumet vart skapt av etter ein idé av manageren til Presley, Colonel Tom Parker, som ønskte å gje ut eit album på sitt eige plateselskap, Boxcar Records, som ikkje bestod av songar som i følgje kontrakten høyrde til RCA Records. Having Fun with Elvis on Stage vart først distribuert på Elvis Presley-konsertane, men RCA gav seinare ut albumet og distribuerte det.

Having Fun with Elvis on Stage vert rekna som det verste albumet til Presley og kritikarrane meiner at praten var usamanhengande og mangla kontekst, sidan songane var fjerna. I boka si frå 1991 kåra Jimmy Guterman og Owen O'Donnell Having Fun with Elvis on Stage til det verste rockealbumet gjennom tidene, særleg sidan det faktisk mangla rock.

Presley sjølv mislikte albumet, og det vart trekt attende då han bad om det. Trass i dette nådde Having Fun with Elvis on Stage 130. plassen på Billboard 200, og niandeplassen på Billboard Hot Country LPs. Tilhengjarane til Presley laga seinare oppfølgjarar og gav dei ut på piratkopiplater.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[1]
MusicHound1/5 starsStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svgStar empty.svg[2]

InnhaldEndra

  1. Side A  – 18:06
  2. Side B  – 19:00

MedverkandeEndra

PlasseringEndra

KjelderEndra

  1. Deming, Mark. «Elvis Presley Having Fun with Elvis on Stage». AllMusic. Henta 8. desember 2016. 
  2. Graff, Gary; Durchholz, Daniel (eds) (1999). MusicHound Rock: The Essential Album Guide. Farmington Hills, MI: Visible Ink Press. s. 892. ISBN 1-57859-061-2. 
  3. Guterman, Jimmy and O'Donnell, Owen. The Worst Rock n' Roll Records Of All Time (Citadel Press, 1991).
  4. «Hot Country LPs». Billboard 86 (52): 36. 26. desember 1974. Henta 24. juni 2017.