Havrett
Havrett er den delen av folkeretten som regulerer den internasjonale rettsordenen på havet. Ein skil mellom ulike soner i havet: Hamn, indre farvatn, sjøterritorium, økonomisk sone, kontinentalsokkel og ope eller fritt hav.[1]
Havretten handlar mellom anna om kven som har rett til å gjera seg nytte av naturressursar som fisk og petroleum i dei ulike havområda utenfor kysten. Avhengig av kva sone utanfor kysten det er snakk om, vil rettane og pliktene som høyrer til kyststaten variera.
Historikk
endreHavretten kan førast tilbake til Hugo Grotius og hans prinsipp eit fritt hav (Mare liberum) frå 1609.[1] Gjennom tidene bygde havretten på sedvanerett. I 1958 blei den første havrettskonvensjonen vedteken, og i dag har dei fleste landa i verda underskrive og ratifisert SN sin havrettskonvensjon.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Havrett» frå Wikipedia på bokmål, den 12. august 2018.
Bakgrunnsstoff
endre- Overview - Convention & Related Agreements ved un.org