Hawizehmyrene

myrområde i Irak

Hawizehmyrene er eit myrområde som ligg på grensa mellom Irak og Iran. Myrområdet får vatn frå to greiner av Tigris (Al-Musharrah og Al-Kahla) i Irak og Karkhehelva i Iran. Hawizehmyra er kritisk for at Qurna- og Hammarmyrene skal overleve. I lag dannar desse Dei mesopotamiske sumpene. Myrområda er tilfluktsstad for dyreartar som kan rekolonoisere eller reproduere seg i andre myrområde. Hawizehmyrene vert drenert av Al-Kassarah. Denne elva spelar ei kritisk rolle i å oppretthalde myrene som eit gjennomstrøymingssystem og hindrar dei frå å bli eit lukka saltvassbasseng.

Hawizehmyrene
våtmarksområde
Land  Irak,  Iran
Del av Ahwar of Southern Iraq
Koordinatar 31°32′32″N 47°42′24″E / 31.54222°N 47.70667°E / 31.54222; 47.70667
Kart
Hawizehmyrene
31°32′32″N 47°42′24″E / 31.54222222°N 47.70666667°E / 31.54222222; 47.70666667
Wikimedia Commons: Hawizeh Marshes

Hawizehmyrene har vore busette i meir enn 5 000 år. Dei får vatn frå både Tigris og Eufrat i dagens Irak og Karkhenelva i dagens Iran. Sumparabarar lever her i Irak og hawizehfolket i Iran.[1]

I det sørvestlege Iran og det søraustlege Irak, består Hawizeh- og Hammarmyrene av fleire småbyar. Desse byane i myrområda ligg på begge sider av landegrensa, og det er ikkje noko skilje her mellom dei to landa. Så folk kan flytta sseg mellom Irak og Iran med småbåtar. Byane i myrområda vart bygde på vatn og folk her lever særs enkle liv. Dei har hus bygde av siv utan elektrisitet eller bilar. Folket her livnærer seg av naturen.[1]

Sjå òg endre

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Partow, Hassan (2001). The Mesopotamian Marshlands: Demise of an Ecosystem Technical Report, UNEP/DEWA/TR.01-3 Rev. 1 (PDF). Geneva: UNEP Division of Early Warning and Assessment / International Environment House. ISBN 92-807-2069-4. Arkivert frå originalen (PDF) 12. oktober 2017. Henta 22. april 2018.