Tigris-Eufrat-systemet

Tigris-Eufrat-systemet består av Tigris og Eufrat, med sideelvane deira, og dannar eit stort elvesystem i Vest-Asia. Frå kjeldene i Taurusfjella aust i Tyrkia flyt dei gjennom Syria og Irak før dei munnar ut i Persiabukta.[1] Systemet er ein del av den palearktiske økoregionen Tigris–Eufrat, som omfattar Irak og delar av Tyrkia, Syria, Iran, Saudi-Arabia, Kuwait og Jordan.

Frå kjeldene deira og den øvre leia i fjella aust i Anatolia, renn elvane gjennom dalar og kløfter i høglandet i Syria og Nord-Irak, og så over elvesletta sentralt i Irak. Elvane flyt søraustover på sletta og renn saman ved Al-Qurnah der dei dannar Shatt al-Arab og munnar ut i Persiabukta.[1]

Regionen er historisk viktig som ein del av den fruktbare halvmånen, der ein meiner at dei første sivilisasjonane oppstod.

Kjelder endre

  1. 1,0 1,1 Gibson, McGuire (17. mars 2014). «Tigris-Eufrat-systemet». Encyclopædia Britannica. Henta 22. april 2018.