Hedy Schlunegger
Hedy Schlunegger (10. mars 1923–3. juli 2003) var ein sveitsisk skirennar frå Wengen. Ho vann gullmedaljen i utforrennet under vinter-OL 1948 i St. Moritz.
Hedy Schlunegger | |
Statsborgarskap | Sveits |
Fødd | 10. mars 1923 Wengen |
Død | 5. juli 2003 (80 år) Grindelwald |
Idrett | alpint |
Tok del i | alpine skiing at the 1948 Winter Olympics – women's downhill |
Schlunegger vart sveitsisk meister i utfor i åra 1942, 1944, 1946, 1947. Dei to siste åra vart ho nasjonal meister også i kombinasjonsøvinga, som ho elles hadde vunne første gongen i 1943. Under vinterolympiaden 1948, på sveitsisk snø, kom ho i utforrennet i mål på tida 2.28,3, åtte tidels sekund betre enn sølvvinnaren Trude Beiser frå Austerrike.
Etter at ho la opp som aktiv alpinist, dreiv Schlunegger ein sportsbutikk i Grindelwald saman med ektemannen. Ho døydde i Grindelwald i 2003. Skirennaren Martina Schild er dotterdotter hennar.
Bakgrunnsstoff
endre- Denne artikkelen bygger på «Hedy Schlunegger» frå Wikipedia på tysk, den 17. januar 2012.