Martina Schild (fødd 26. oktober 1981) er ein sveitsisk skirennar frå Brienz som vann sølvmedaljen i utforrennet under vinter-OL 2006. Ho har utfor og super-G som sine spesialøvingar. Hedy Schlunegger var mormor hennar.

Martina Schild


Statsborgarskap Sveits
Fødd 26. oktober 1981 (42 år)
Brienz
Idrett alpint
Tok del i

Alpint under Vinter-OL 2006 – Utfor kvinner

Aktiv endre

Schild debuterte i verdscupen i alpint 21. desember 2001 i St. Moritz. Ho vart då nummer 29 i utfor, beste plasseringa i dei fem verdscuprenna ho deltok i den sesongen. Nøyaktig på dagen eitt år seinare kom ho på 13. plass i utfor i Lenzerheide, hennar beste resultat i verdscupen i 2003-sesongen. 20. desember 2003 kom ho på sjetteplass i utfor i St. Moritz, hennar klart beste sesongprestasjon i 2004-sesongen. Gjennom heile 2005-sesongen var ho å finne langt nede på resultatlistene etter verdscuprenn.

21. januar 2006 gjorde Schild sitt beste verdscuprenn så langt, med ein femteplass i utfor, atter ein gong i St. Moritz. Tre veker seinare overraska ho stort og vann sølvmedaljen i utfortevlinga under vinter-OL 2006 i Torino, der ho einast hadde Michaela Dorfmeister framom seg på resultatlista. Også i super-G-tevlinga gjorde ho det godt med ein sjetteplass. Elles i sesongen hamna ho eit godt stykke ned på resultatlistene i verdscupen. Midt i desember 2006 kunne ho for første gong klive opp pallen etter eit verdscuprenn, i super-G i Reiteralm vart ho slått av dei to austerrikske kvinnene Renate Götschl og Nicole Hosp. Utover i 2007-sesongen hamna ho på ny langt ned på resultatlistene, i VM 2007 vart ho nummer 12 i super-G.

Den 2. desember 2007 vann Schild sitt første og så langt einaste verdscupren: Ho gjekk då til topps i eit super-G-renn i Lake Louise. Som i tidlegare sesongar måtte ho etter kvart sjå mange konkurrentar føre seg på resultatlistene. I 2009-sesongen var ho jamnare i prestasjonane, men ein 11. plass i eit super-G-renn vart sesongbeste. I januar 2010 fekk ho ein ny tredjeplass i super-G, i Haus im Ennstal. Seinare vart ho skadd og kunne ikkje delta i vinter-OL 2010. Etter ein svak 2011-sesong fekk ho ein opptur då ho tidleg i desember 2011 vart nummer fire i eit super-G-renn i Beaver Creek. Men ho klarte ikkje å følgje opp utover i sesongen.

Schild bur i Grindelwald.

Kjelder endre

Bakgrunnsstoff endre