Hege Riise

norsk fotballspelar

Hege Riise (fødd 18. juli 1969) er ein norsk tidlegare fotballspelar og seinare -trenar frå Lørenskog som vart olympisk meister i 2000 og europameister 1995 med Noreg. I 1995 vart ho kåra til Årets Kniksen.

Hege Riise


Statsborgarskap Noreg
Fødd 18. juli 1969 (54 år)
Lørenskog
Idrett fotball
Tok del i

Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996

Utmerkingar

Årets Kniksen, Kniksens hederspris, Idrettsgallaens hederspris

Klubbspel endre

Riise spelte på Setskog-Høland til 1999, bortsett frå 1996-97 då ho gjorde teneste i japanske Nikko Securities. Med Setskog-Høland var ho med å vinne NM-cupen i 1992 og med Nikko vann ho både den japanske serien og cupen i så vel 1996 som 1997. I 2000-sesongen vart ho Asker SK-spelar og lukkast då sikre seg NM-tittel nummer to. Seint i 2000 fekk Riise kontrakt med Carolina Courage i USA, eit lag ho førte til nasjonal cuptriumf i både 2002 og 2003. Etter ho reiste heim til Noreg spelte ho på Team Strømmen i 2005 og 2006.

Landslagsspel endre

Midtbanedirigenten Riise spelte 188 landskampar på det norske landslaget i tida 1990-2004, og noterte seg for 58 skåringar. Særleg utmerkte ho seg under Fotball-VM 1995 i Sverige, der ho var ei førande kraft bak den norske sigeren og vart kåra til den beste spelaren i turneringa. Også i seinare internasjonale meisterskap var ho ein sentral spelar for Noreg, med ei framifrå evne som spelstyrar og pasningsleggar.

Merittar endre

  • Olympisk meister: 2000 med Noreg
  • Verdsmeister: 1995 med Noreg
  • Europameister: 1993 med Noreg
  • EM-sølv: 1991 med Noreg
  • OL-bronse: 1996 med Noreg
  • Noregsmeister: 1992 med Setskog/Høland, 2000 med Asker SK
  • Japansk seriemeister: 1996 med Nikko
  • Japansk cupmeister: 1996 og 1997 med Nikko
  • USA-amerikansk seriemeister: 2002 med Carolina Courage
  • USA-amerikansk cupmeister: 2002 med Carolina Courage

Trenar endre

Riise hadde arbeidd for LSK i fleire år, før ho frå 2019 er ho lagsjef (sjefstrenar) i klubben.

Kjelder endre