Eit hegemoni er eit herredøme. Særleg blir omgrepet hegemoni bruka om former for herredøme som ikkje berre eller først og fremst baserer seg på open vald, men der dei herskande klarer å oppnå dei styrte si godtaking av herredømet deira. Dette kan skje gjennom ideologisk påverknad frå til dømes kyrkje, skule og media. Hegemoniet er såleis meir skjult enn det opne diktaturet.

Den italienske marxistiske tenkjaren Antonio Gramsci skreiv i sine Fengselsdagbøker mykje om hegemoniproblematikken, og fann at arbeidarrørsla i vestlege land måtte utvikle ein annan strategi enn bolsjevikane hadde bruka i Russland, der dei hadde teke makta ved eit kupp.

Biletet Gramsci bruka på stoda i Vesten var «stillingskrigen», der dei som ønskjer eit sosialistisk samfunn må byggje ei anti-hegemonisk blokk som gradvis er i stand til å utfordre det ideologiske herreveldet borgarskapet si makt kviler på. Før dette hegemoniet er avslørt og avløyst, kan ikkje noka sosialistisk maktovertaking bli vellykka og varig, i følgje Gramsci.