Heide Simonis
Heide Simonis (fødd 4. juli 1943 i Bonn), opphavleg Heide Steinhardt, er ein tysk samfunnsøkonom, forfattar og politikar for SPD. Ho var den første kvinnelege ministerpresidenten i Schleswig-Holstein, og i heile Tyskland.[1]
Heide Simonis | |||
| |||
Fødd | 4. juli 1943 Bonn | ||
---|---|---|---|
Død | 12. juli 2023 (80 år) | ||
Statsborgar av | Tyskland | ||
Parti | Sozialdemokratische Partei Deutschlands | ||
Yrke | skribent, politikar, forfattar, lyrikar | ||
Utdanna ved | Christian-Albrechts-Universität zu Kiel | ||
Ektefelle | Udo E. Simonis | ||
Alle verv |
Liv og virke
endreSimonis studerte økonomi og sosiologi i Erlangen, Nürnberg og Kiel, og arbeidde deretter som lektor i tysk ved Lusaka-universitetet i Zambia i Afrika. Deretter var ho verksam ved instituttet for finans i Kiel. Ho var deretter knytt til Goethe-Institut.
Frå 1969 var ho medlem av SPD, og frå 1972-76 var ho medlem av kretsstyret i SPD-laget i Kiel. I 1971 blei ho rådsherre i rådsforsamlinga i Kiel, og 1976 blei ho vald inn i Forbundsdagen, der ho sat fram til 1988.
Etter regjeringsskiftet i Schleswig-Holstein blei ho 31. mai 1988 finansminister i Björn Engholm si delstatsregjering. Ho blei visestatsminister 10. mars 1993, og overtok som regjeringssjef 19. mai same året som første kvinne i historia.
Referansar
endre- Denne artikkelen bygger på «Heide Simonis» frå Wikipedia på bokmål, den 15. oktober 2020.