Heidi Benserud
Heidi Elisabeth Benserud (fødd 20. desember 1958) er ein norsk tidlegare friidrettsutøvar frå Horten. Tida 1976-84 vart ho noregsmeister seks gongar i mangekamp, to gongar i lengdehopp og like mange gongar i 100 meter hekk, samt norsk meister på 200 meter i 1983. Benserud var medlem i Horten IF til 1977, sidan av Fana Idrettslag. Ho er gift med Jan Fjærestad.
Heidi Benserud | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 20. desember 1958 (65 år) |
Idrett | friidrett |
Aktiv
endreBenserud sikra seg 18 medaljar (6-9-3) i hovudmeisterskapen i friidrett. Elles henta ho 9 medaljar i NM i høgde og lengde utan tilløp, dessutan 8 medaljar (6-2-0) i mangekamp. Ho vart norsk meister i lengdehopp i 1976 og 1978, i alt vann ho 7 NM-medaljar i øvinga. Flest medaljar tok ho på 100 meter hekk, etter seks sølvmedaljar på sju år vart ho noregsmeister i øvinga både i 1983 og 1984. Åra 1976, 1978, 1979 vann ho NM-gull i femkamp, medan ho i 1981, 1982 og 1984 sigra i erstattaren sjukamp.
Benserud sine personbeste var 13,43 sekund på 100 meter hekk, 24,23 sekund på 200 meter, 6,32 meter i lengdehopp. Alle desse rekordane er frå 1983. I sjukamp nådde ho i 1984 opp i 5 414 poeng.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Heidi Benserud» frå Wikipedia på bokmål, den 3. september 2020.