Heilage onsdag
Heilage onsdag eller store onsdag er onsdagen i den stille veka eller veka før påske i kristendommen, dagen før skjærtorsdag.
Bibeltekstar
endreHendingane i evangelia i Det nye testamentet knytt til denne dagen er ei samansverging mellom «overprestane og dei eldste i folket» om å ta livet av Jesus[1] og salvinga av Jesus i Betania.[2] Læresveinane meiner olja burde vore seld og pengane gjevne til dei fattige.[3] Men ifølgje Johannesevangeliet vil Judas Iskariot ha pengane sjølv.[4][5] Han går til overprestane og avtaler med dei å svika Jesus. For det får han tretti sølvpengar.[6]
Austleg kristendom
endreI ortodoks kristendom held ein som måndag en og tysdagen ei ottesonggudsteneste kjend som brudgomgudstenesta eller brudgombøna. Gudstenesta ender med ein salme av Kassia frå 800-talet som fortel historia om den syndige kvinna som salva Jesus, mykje sett frå hennar synsvinkel. Salmen kan ta opptil 25 minutt å synga, og kan vera særs rørande.
I gresk tradisjon og ein del stader skikken har spreidd seg til er det vanleg å salva heile kyrkjelyden onsdags kveld.[7]
Gjennom dei tre kvardagane av den stille veka les ein heile teksten av dei fire evangelia, med ein stopp ved Joh. 13:31. På onsdagen er gjerne andre halvdel av Markusevangeliet og den delen av Johannesevangeliet ein skal lesa att.[8]
Vestleg kristendom
endreI den katolske kyrkja les ein Jesaja 50:4-9 Salmane 69:8-10, 21-22, 31, 33-34 og Matt. 26:14-25.[9][10]
Prekentekstar i mange protestantiske kyrkjer er Jesaja 50:4-9, Salmane 70, Hebearbrevet 12:1-3 og Joh. 13:21-32.[10]
Namn på heilage onsdag
endreI Sverige har dagen vore kjend som dymmelonsdag. Ein dymmel eller dymbil er eit trestykke som ein brukte til å slå på kyrkjeklokkene denne dagen for å få ein meir dempa lyd enn med metallkolvar. Nemninga dymmelonsdag er også blitt brukt om oskeonsdag, og dei to dagane kan forvekslast av allmugen.
I Tsjekkia er dagen kjend som Škaredá středa ('stygge onsdag'), 'svarte onsdag' eller 'sotfeieonsdag'. Dette er ein dag då ein tradisjonelt reingjer golv, møblar, vindauge og skorsteinar. Sidan skorsteinen må vera kald for å reingjerast, blei det ikkje kokt mat på denne dagen. I staden hadde ein enkle, kalde måltid. Etter reingjeringa tek ein møblane på plass att og pynter til påske. I Podluľí-regionen er det vanleg å teikna kortvarige blomar på vindauge med såpe eller på bakken med vatn eller sand.[11]
På Irland har dagen vore kjend som «Spy Wednesday», der spy truleg har tydinga 'lure' eller 'overfalle' og viser til Judas sitt svik.[12][13][14]
På Malta er dagen kjend som L-Erbgħa tat-Tniebri ('skuggeonsdag'), som viste til det liturgiske mørket. Tidlegare kunne barn slå på stolane i kyrkja for å laga lyd av torever.
Kjelder
endre- ↑ Matt. 26:3—5, Mark. 14:1—2, Luk. 22:1—2
- ↑ Matt. 26:6—13, Mark. 14:3, Joh. 12:3—4
- ↑ Matt. 26:8—9, Mark. 14:4—5, Joh. 12:5
- ↑ Joh. 12:6
- ↑ Oppenheimer, Mike. «The Betrayer Judas Iscariot». Let Us Reason Ministries. Henta 27 March 2013.
- ↑ Matt. 26:14—16, Mark. 14:10—12, Luk. 22:3—6
- ↑ Great Lent, Holy Week, and Pascha: The Sacrament of Holy Unction: Holy Wednesday afternoon and Evening
- ↑ Kallistos 1978.
- ↑ Wednesday of the Holy Week Lectionary: 259, United States Conference of Catholic Bishops, arkivert frå originalen 6. april 2017, henta 5. april 2017
- ↑ 10,0 10,1 Wednesday in Holy Week, The Text This Week
- ↑ Petr Chudoba, «Czech Easter - Holy Week: Ugly Wednesday», My Czech Republic
- ↑ «spy, n.», OED Online, Oxford University Press, December 2013, henta 15 Dec 2013, «Spy Wednesday n. in Irish use, the Wednesday before Easter.»
- ↑ Packer, George Nichols (1893), Our Calendar: The Julian Calendar and Its Errors, how Corrected by the Gregorian, Corning, NY: [The author], s. 112, henta 15 Dec 2013, «Spy Wednesday, so called in allusion to the betrayal of Christ by Judas, or the day on which he made the bargain to deliver Him into the hands of His enemies for thirty pieces of silver.»
- ↑ McNichol, Hugh (2014). «Spy Wednesday conversion to Holy Wednesday». Catholic Online. Henta 10 May 2014.
- Denne artikkelen bygger på «Holy Wednesday» frå Wikipedia på engelsk, den 5. april 2017.