Heimalanne er ei norsk folkrock-gruppe som vart etablert i februar 1996 av Arne Bøe (song/gitar), Inge Glambek (gitar/mandolin/song) og Kjell Madsen (bass/song). Trommeslagar Thor-Inge Stokke vart med i 1997. I 2001 vart gruppa utvida med gitaristen Bjørn Tore «Bucky» Aasheim.

Historia endre

Bandet har hatt ein del utskiftingar gjennom tidene. Inge Glambek slutta i 2005, og gruppa fortsette som kvartett til midten av 2006, då Dag Atle Håland (gitar/mandolin/song) vart med. Kjell Madsen slutta i 2006, og vart erstatta av Skjalg Kaspersen (bass/song) same år. Thor-Inge Stokke slutta i 2008 og vart erstatta av Gunnar Bergstrøm (slagverk). I dag er Arne Bøe den einaste som har vore med i gruppa frå starten.

Heimalanne' fekk platekontrakt med Bergen Records i 1999, og gav ut to CD-plater og ein vinylsingel for dette selskapet før Arne Bøe oppretta sitt eige plateselskap, Baluba Records. Til no er det utgjeve 4 vanlege CD-produksjonar med gruppa, den femte er nær ferdig (juni 2010). Dei tre første produksjonane vart innspelt i Grieghallen Studio med Pytten som produsent, seinare (og pågåande) produksjonar er innspelt i Ravnaberg Studio med Eirik Grønner som produsent.

Heimalanne' definerer seg som eit folkrock-band med påverknad frå mange ulike musikalske retningar; country, blues, rock'n roll, irsk og norsk folkemusikk, engelsk folkrock, cajun, tex-mex med meir. Gruppa spelar berre eigenkomponert materiale med tekstar skrive og framført på striledialekt. Det er Arne Bøe og Bjørn Tore Aasheim som skriv alt låtmaterialet til gruppa. Heimalanne' har toppa det populære (no nedlagde) radioprogrammet Norsktoppen to gongar (låtane «Oselvar» av Bjørn Tore Aasheim og «Tek du ein dans te» av Arne Bøe), og har elles hatt ei rekkje låtar inne på norsktopplista, og gruppa vert spelt mykje på radio. Gruppa har vore med i fleire TV-program, sist i Lyden av lørdag.

Arne Bøe fekk tildelt Medaasprisen i 2006, mellom anna for konsekvent bruk av striledialekten i tekstane sine.

Medlemar endre

Live- og studiomedlemar endre

Tidlegare medlemar endre

Diskografi endre

Singlar og EP'ar endre

I tillegg er det gjeve ut tre promo-singlar; «Anne May/Eg vil dansa/Fiske- og vinsongen», «To si’e» og «Cruiseskip».

Album endre

Bakgrunnsstoff endre