Heinrich Wilhelm Olbers
tysk astronom og fysikar
(Omdirigert frå Heinrich Wilhelm Matthäus Olbers)
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers (11. oktober 1758–2. mars 1840) var ein tysk lege og astronom. Han vart fødd og døydde i Arbergen i Bremen.
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers | |||
Heinrich Wilhelm Matthias Olbers | |||
Fødd | 11. oktober 1758 Arbergen i Det tysk-romerske riket | ||
---|---|---|---|
Død | 2. mars 1840 (81 år) Fristaden Bremen | ||
Nasjonalitet | Bremen | ||
Område | Medisin Astronomi | ||
Yrke | fysikar, astronom, lege, politikar | ||
Alma mater | Athenaeum Universitetet i Göttingen | ||
Kjend for | Olbers-paradokset Pallas Vesta | ||
Barn | Dorothea Focke, Georg Heinrich Olbers | ||
Medlem | Akademie gemeinnütziger Wissenschaften Royal Society Kungliga Vetenskapsakademien Det bayerske vitskapsakademiet American Academy of Arts and Sciences Det franske vitskapsakademiet Det prøyssiske vitskapsakademiet Koninklijke Nederlandse Akademie van Wetenschappen Deutsche Akademie der Naturforscher Leopoldina Accademia Nazionale delle Scienze detta dei XL Académie nationale de médecine |
Olbers dreiv legepraksis i Bremen frå 1782, men brukte mesteparten av tida si til astronomi. Han bygde eitt av dei best utrusta observatoria på si tid, og utarbeidde ein ny metode for baneutrekning av himmellekamar. Han oppdaga seks kometar og to asteroidar. Den første såg han 28. mars 1802, og gav han namnet Pallas. Den andre oppdaga han den 29. mars 1807, og gav Carl Friedrich Gauss æra av å namngje denne - Vesta.
6. mars 1815 oppdaga Olbers så ein periodisk komet som har fått namn etter han. Det formelle namnet til denne er 13P/Olbers.
Oppkallingar
endre- 13P/Olbers er ein periodisk komet.
- Asteroiden 1002 Olbersia.
- Krateret Olbers på månen.
- Olbers, eit mørkt område på overflata av Vesta med ein diameter på 200 km.