Opna hovudmenyen
Helen Wheels
Singel av Paul McCartney og Wings
B-side «Country Dreamer»
Utgjeve 26. oktober 1973
Innspelt August–september 1973
Studio EMI Studios i Lagos i Nigeria
Sjanger Rock
Lengd 3:44
Selskap Apple Records
Låtskrivar(ar) Paul McCartney, Linda McCartney
Produsent Paul McCartney
Paul McCartney og Wings-kronologi
«Live and Let Die»
(1973)
Helen Wheels «Mrs. Vandebilt»
(1974)


«Helen Wheels» er ein song av Paul McCartney og Wings. Songen er kalla opp etter Land Roveren til Paul og Linda McCartney, som dei kalla «Helen Wheels».

UtgjevingEndra

Songen vart gjeven ut på singel før Band on the Run, men var ikkje med på den britiske utgåva av albumet. Men visedirektøren i Capitol Records, Al Coury, overtydde McCartney om å ta med songen på den amerikanske utgåva. Songen nådde tiandeplassen i USA den 12. januar 1974 og 12. plassen på singellista i Storbritannia.[1][2]

Andre versjonarEndra

Songen vart spelt av Def Leppard på albumet The Art of McCartney i 2014.[3]

KjelderEndra

  1. «Paul McCartney singles». allmusic. Henta 12. august 2010. 
  2. «Official Charts: Paul McCartney». The Official UK Charts Company. Henta 19. mai 2018. 
  3. Dylan, Kiss, others cover McCartney on new tribute