Helena Brodtkorb (fødd 1986) er ein norsk forfattar og skribent.[1]

Helena Brodtkorb
Statsborgarskap Noreg
Fødd 3. januar 1986 (38 år)
Yrke skribent
Ektefelle Sivert Høyem

Brodtkorb er opphavleg frå Bærum.[2] Ho har master i kulturhistorie og museologi frå Universitetet i Oslo.[3]

Boka hennar Mammasjokket vart utgjeven på Kagge Forlag i 2014.[4] Ho var òg redaktør for den feministiske antologien Det skjer nå som vart utgjeven på same forlag i 2018. Boka fekk terningkast fem i VG.[5] Brodtkorb jobbar som kommunikasjonssjef i teknologi-start-upen Folio, er spaltist i Dagens Næringsliv på laurdagar, og har tidlegare skrive for fredagsmagasinet D2, magasinet Kunst og Kvinneguiden.[6][7] I 2015 deltok ho i programmet Kjære Mamma på TV 2 Livsstil.[8]

Brodtkorb er gift med musikaren Sivert Høyem, og dei har tre barn saman.[9]

Kjelder

endre
  1. KAGGE. «Kagge Forlag AS». Arkivert frå originalen 14. august 2016. Henta 14. juni 2016. 
  2. «Sivert Høyem og kona venter tvillinger». budstikka.no (på norsk). 3. juli 2014. 
  3. «Et åpent sinn». Stellamagasinet (på norsk bokmål). 15. desember 2015. Arkivert frå originalen 26. august 2017. Henta 12. november 2021. 
  4. «Bokanmeldelse: Helena Brodtkorb: «Mammasjokket»». Henta 11. juni 2016. 
  5. «Bokanmeldelse: «Det skjer nå»: – Friskt og smart om Spice Girls, hijab og #metoo» (på norsk). 
  6. Brodtkorb, Helena (4. oktober 2019). «Spaltist: Sosiale medier har sakte, men sikkert blitt så altomfattende og kronisk, at det er lett å glemme at det er et spill med strengt definerte spilleregler». Henta 10. februar 2020. 
  7. «Helena Brodtkorb, Forfatter hos Magasinet KUNST» (på norsk bokmål). Henta 20. juni 2017. 
  8. «Promo: Kjære mamma». Henta 11. juni 2016. 
  9. «Nå er han tvilling-pappa». seher.no (på norsk). 27. oktober 2014.